Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Bully

Bully er ein prislønt og sterk dokumentarfilm som tek oss med inn i kvardagen til fem barn i løpet av eit skuleår. Gjennom intervju og opptak frå klasserom, skulebussar og idrettshallar får vi eit unikt innblikk i mobbinga barna opplever.

Om filmen

Tyler var alltid den som vart valt sist i kroppsøvinga. Då han var yngre, gret han av mobbinga, men etter kvart slutta han å gråte. Det vart vanskelegare for foreldra å forstå kva han gjennomgjekk. Ein dag då Tyler var 17 år, orka han ikkje meir. Han valde å avslutte sitt eige liv.

Bully er ein dokumentarfilm om Tyler og andre amerikanske barn som opplever mobbing. Filmen viser barn som gruer seg til skulen og som har vanskeleg for å få seg vener. I ein kroppsøvingstime opplever ein gut å få hovudet sparka inn i ein spikar av ein medelev. Nokre barn blir kalla "homo" og andre "fish face".

Konsekvensane av mobbinga

Den daglege mobbinga og trakasseringa barna opplever, får alvorlege konsekvensar.

Barna som blir plaga, blir isolerte og får øydelagt sjølvbilete. Filmen viser òg tragiske hendingar der barn som blir mobba, endar med å true mobbarane med våpen.

Vi møter òg etterlatne som startar ein antimobbekampanje etter sjølvmordet til sonen. Håpet er at kampanjen skal bidra til auka medvit i samfunnet om kor alvorleg mobbing kan vere for dei som opplever det.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 10.06.2021

Læringsressursar

Helse