Hopp til innhald

Spelefilm

Systemsprengjaren

Ni år gamle Benni blir så sint at ingen klarer å handtere ho. I den rosa boblejakka si blir ho send frå institusjon til institusjon. Ho har blitt ein kasteball i barnevernssystemet, ein såkalla systemsprengjar.

Om filmen

Det einaste niårige Benni vil, er å få lov til å flytte heim til mor si igjen, men mora klarer ikkje å handtere dei valdelege utbrota Benni får som følgje av . Benni har to mindre søsken, og mora fungerer ikkje særleg godt som omsorgsperson for dei to heller.

Benni verken kan eller vil tilpasse seg rammer og reglar, og ho set omgivnadene i fare med dei stadige raserianfalla sine. Derfor blir ho send frå éin institusjon til ein annan og blir sett på medikament som skal få ho til å bli rolegare. Men ikkje noko ser ut til å hjelpe.

Når det verkar som om ingen i heile verda skal klare å ta hand om Benni, byrjar ho å opne seg for assistenten Micha. Kan det vere han som klarer å stoppe ballen frå å bli kasta vidare?

Korleis hjelpe?

Hjelpeapparatet er på plass for å prøve å gi Benni eit betre liv, men dette er inga enkel oppgåve. Benni utagerer veldig, er uberekneleg og vanskeleg å handtere.

Filmen reiser ei rekkje aktuelle problemstillingar om kva som skal til for å hjelpe utagerande barn. Han viser òg kor sterkt historia og utfordringane til eit barn påverkar dei som prøver å hjelpe det.

God mottaking

Systemsprengjaren er spelefilmdebuten til regissør Nora Fingscheidt. Filmen har fått ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar, mellom anna Sølvbjørnen på den internasjonale filmfestivalen i Berlin i 2019.


CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Helse