Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rettferdig prissetjing?

Mobiltelefonane blir dyrare og dyrare. Kva kostar det eigentleg å lage ein mobiltelefon, og kven tener pengar på dei? Det blir hevda at mobilprodusentane tener mykje på kvar selde mobiltelefon – mens dei som jobbar med å hente ut råstoffa til telefonar, får lite betalt. Stemmer det?
Ein iPhone X ligg på eit bord ved sida av andre modellar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Priskalkyle

I oppgåvene nedanfor skal du blant anna setje opp ein forenkla priskalkyle for nokre mobiltelefonar. Bruk gjerne eit rekneark til å løyse oppgåva. Set opp ein kalkyle som viser forholdet mellom materialkostnader (direkte kostnader), avanse og salspris – der avansen er det som skal dekkje dei indirekte kostnadene og fortenesta. Indirekte kostnader er kostnader som ikkje er direkte knytte til å produsere ei bestemt vare, som til dømes Apple sine løns- og utviklingskostnader.

Priskalkyle

Kalkulasjon

Budsjettpost

Materialkostnader

+

Avanse

=

Salspris utan meirverdiavgift

Oppgåve 1

  1. Set opp ein priskalkyle (sjå over) i dollar for iPhone 7, der du bereknar avansen ut frå at materialkostnadene er $224,80 og salprisen er $649. (Dette er tal frå september 2016, (sjå artikkelen "Så mye koster iPhone 7 egentlig".)

  2. Berekn avansen i prosent.
  3. Kan du ut ifrå storleiken på avansen seie noko om kven i som tener mest på kvar mobiltelefon du kjøper?
  4. Forklar kvifor avanse ikkje er pengar rett inn på konto til Apple, produsenten av iPhone-telefonane. Forklar forskjellen på avanse og forteneste.

Hjelp til oppgåve 1

Avanse blir rekna i prosent av materialkostnadene / dei direkte kostnadene. Les meir om avansemetoden i artikkelen "Avansemetode".

Løysing oppgåve 1 a)

Vi trekk materialkostnadene frå salsprisen for å finne avansen:

$ 649,00-$ 224,80=$ 424,20

Løysing oppgåve 1 b)

Avanse i prosent:

$ 424,20$ 224,80·100 %=188,7 %

Kommentar til oppgåve 1 c)

Avansen er nesten dobbelt så stor som materialkostnadene, noko som kan tyde på at Apple er det leddet i verdikjeda som tener mest på mobiltelefonen.

Kommentar til oppgåve 1 d)

Sjå artikkelen "Avansekalkyle".

Oppgåve 2

  1. Set opp ein priskalkyle i dollar for iPhone 11 Pro Max, der du bereknar avansen ut frå materialkostnader på $450,50 og salspris på $1099.

  2. Berekn avansen for iPhone 11 Pro Max i prosent.

  3. Korleis er avansen i prosent for iPhone 11 Pro Max samanlikna med iPhone 7? Apple tek ifølge eigne rapportar stadig større samfunnsansvar. Kan dette forklare endringane i kalkylane? Forklar.

Bakgrunnsstoff:

Løysing oppgåve 2 a)

Vi trekk materialkostnadene frå salsprisen:

$ 1 099-$ 450,50=$ 648,50

Løysing oppgåve 2 b)

Avanse i prosent:

$ 648,50$ 450,50·100 %=144,0 %

Oppgåve 3

I første kvartal 2019 omsette Apple for 31 milliardar dollar, og i same periode var overskotet på 11,6 milliardar dollar – ein nedgang på 16 % frå året før. På same tid er dagslønna for ein gruvearbeidar mellom ein og ni dollar.

  1. Kor mange prosent av omsetninga utgjorde Apples overskot i første kvartal 2019?

  2. I kva grad synest du det er ei rettferdig prissetjing på iPhone?

  3. Kva skal til for at prissetjing skal bli meir rettferdig?
  4. Kor stort var overskotet til Apple i første kvartal 2018 ifølgje opplysningane?

Bakgrunnsstoff:

Hjelp til oppgåve 3

Hugs at omsetjing er det same som sal.

Løysing oppgåve 3 a)

Vi må finne ut kor mange prosent overskotet er av omsetninga:

11,631·100 %=37,4 %

Løysing oppgåve 3 d)

Her er det lurt å rekne med vekstfaktor. Ein nedgang på 16 % vil seie at vekstfaktoren er

1-16100=0,84

Omsetninga i 2019 reknar vi ut frå omsetninga i 2018 ved å multiplisere med vekstfaktoren. Når vi no skal rekne bakover i tid, må vi dele på vekstfaktoren. Omsetninga i 2018 var

16 mrd $0,84=19,0 mrd $

Omgrep
Avanse
er indirekte kostnader + forteneste.
Direkte kostnader
er kostnader som er direkte knytte til produksjon av ei bestemt vare, som til dømes materialkostnader.
Første kvartal
er perioden januar, februar og mars – første fjerdedel av eit kalenderår.
Indirekte kostnader
er kostnader som ikkje er direkte knytte til å produsere ei bestemt vare, som til dømes ein mobiltelefonprodusent si lønn og utviklingskostnaden hans.
Materialkostnader
er her summen av kor mykje alle delane til ein mobiltelefon kostar.
Omsetning
er totale salsinntekter i ein periode, dvs. salspris multiplisert med talet på selde produkt.
Verdikjede
er her prosessen gjennom alle ledda til ein mobiltelefon, frå råvarer blir henta ut til telefonen er hos forbrukaren.

Relatert innhald

Avanse blir brukt i nokre kalkylar for å berekne salsprisen på eit produkt. Men kva er avanse, og kva er forholdet mellom avanse og bruttoforteneste?

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen, Bjarne Skurdal og Viveca Thindberg.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod