Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike prissetjingsmetodar

Kva pris bør vi selje produktet vårt for? Prisen vi vel, må dekke kostnadene våre, og kundane må vere villige til å betale han. Vi kan miste kundar dersom vi prisar produktet for høgt. På same tid tener vi ikkje pengar dersom vi sel til for låg pris.
Fryseskap med Ben & Jerry-is i framgrunnen i ein daglegvarebutikk. Elles i rommet er det ulike varesortar i hyller og skap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fastsetjing av pris

Det finst fleire metodar for å fastsetje pris. Dei vanlegaste metodane er kostnadsbasert, verdibasert (også kalla marknadsbasert) og konkurransebasert prissetjing.

Den første metoden er basert på at vi må få dekt kostnadene våre, den neste på kor mykje kundane er villige til å betale, og den siste på kor mykje konkurrentane sel tilsvarande produkt for. Sjølv om vi tek utgangspunkt i éin av metodane, må vi alltid ta omsyn til alle tre.

Kostnadsbasert prissetjing

Når ei bedrift tek utgangspunkt i kostnadene sine når ho fastset salsprisen for produkta sine, seier vi at bedrifta har ei kostnadsbasert prissetjing. Dette er ein prissetjingsmetode der vi er opptekne av å få dekt inn kostnadene våre og i tillegg få litt forteneste.

Når vi bruker denne metoden, bereknar vi kor mykje produktet vil koste oss. Vi set opp eit kostnadsoverslag, også kalla ein kalkyle. Ved hjelp av ein kan vi finne den prisen som vil dekke alle kostnadene våre, forteneste og avgift til staten i form av meirverdiavgift.

Konkurransebasert prissetjing

I Noreg er det slik at det er konkurransen i marknaden som bestemmer prisen på mange produkt. Denne konkurransen sikrar at kundane får best mogleg pris. Når ei bedrift bestemmer salsprisen på eit produkt ut frå prisane for konkurrentane, kallar vi det for konkurransebasert prissetjing.

Denne prissetjingsmetoden er vanlegast når produkta vi sel, er forholdsvis like produkta til konkurrentane, og han krev god kunnskap om prissetjinga deira. Vi må òg undersøke om det vil lønne seg for oss å selje produkta våre til denne prisen.

For å finne ut kor stor del av salsprisen vi sit igjen med til å dekke faste kostnader og forteneste, kan vi setje opp ein bidragskalkyle. Med denne reknar vi ut dekningsbidraget av produktet, som er salsprisen minus dei direkte kostnadene ved produktet.

Verdibasert / marknadsbasert prissetjing

Ei bedrift som ikkje er i direkte konkurranse med andre, står friare til å setje den prisen ho vil på produkta sine, men kan likevel ikkje ta kva pris som helst. Kundane vil ikkje godta ein unaturleg høg pris, og bedrifta må sjå på kor mykje kundane er villige til å betale for dei aktuelle produkta.

Når salsprisen blir sett ut frå kor mykje kundane er villige til å betale, blir det kalla verdibasert eller marknadsbasert prissetjing. For å finne fram til betalingsviljen til kundane må vi skaffe oss god kunnskap om marknaden og målgruppa vår. Dette kan vi mellom anna gjere ved hjelp av marknadsundersøkingar.

Ved verdibasert prissetjing bereknar vi dekningsbidrag som ved konkurransebasert prissetjing. Vi bør berre selje produkt til ein pris som gir eit positivt dekningsbidrag.

Miljøomsyn

Miljøomsyn påverkar prissetjinga uansett kva prissetjingsstrategi vi bruker. For flyselskap og andre som forureinar, vil til dømes miljøavgifter til staten påverke prisen.

Ved verdibasert prissetjing vil vi ofte oppleve at marknaden er villig til å betale meir for eit produkt som er miljøvennleg.

Fagomgrep
Bidragskalkyle
ein kalkyle som bereknar dekningsbidraget for eit produkt
Dekningsbidrag
kor mange kroner av salsinntektene som er igjen til å dekke faste kostnader og forteneste etter at dei direkte kostnadene ved produktet er trekt frå
Faste kostnader
kostnader i bedriften som er uavhengige av salsvolumet, som til dømes husleige og lønn
Konkurransebasert prissetjing
å berekne salspris ut frå konkurrentane sine prisar
Kostnadsbasert prissetjing
å berekne salspris ut frå kostnader
Verdibasert/marknadsbasert prissetjing
å berekne salspris ut frå kor mykje marknaden er villig til å betale (betalingsviljen til kundane)
Sjølvkostkalkyle
ein produktkalkyle som tek med alle kostnadene, både direkte og indirekte, forteneste og meirverdiavgift. Han bereknar òg sjølvkost, som er den prisen som akkurat dekker kostnadene ved produktet.

Relatert innhald

Gode marknadsundersøkingar gir bedrifta di ei retning. Det er krevjande å lage gode undersøkingar, men følg desse fem trinna, så er du på god veg.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen, Steinar Madsen og Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 25.07.2023

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod