Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Berekne prisen på eit produkt

Du skal selje eit produkt som blir laga på det yrkesfaglege utdanningsprogrammet ditt. Kor mykje skal produktet koste? Berekn prisen ved hjelp av sjølvkostmetoden eller avansemetoden.
Hender som teiknar på eit teiknebrett ved sida av PC og fargeprøvar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk deg at du har ei bedrift som sel varer eller tenester med utgangspunkt i det yrkesfaglege programmet du går på. Det kan vere ein blomsteroppsats som skal lagast eller ein lettvegg som skal setjast opp. Nokon vil selje poteter i sekkar på 2,5 kilo, medan andre skal berekne pris for å setje opp ei nettside.

Oppgåve 1

Skriv opp minst tre produkt som høyrer til det yrkesfaglege programmet ditt. Hugs at med produkt blir det meint både varer og tenester. Ta med alt som inngår i produktet, inkludert arbeidstid.

Døme

"Striper med klipp" er eit produkt frå utdanningsprogrammet frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign. I produktet inngår foliestriper, hårfarge (1 eller 2 fargar), vask, hårkur, klipp, stylingprodukt og hårføning. Arbeidstid: 120 minutt.

Oppgåve 2

Vel deg ut eitt av produkta dine og kalkuler prisen på det, inkludert meirverdiavgift. Bestem sjølv om du vil bruke sjølvkostmetoden eller avansemetoden. Bruk så realistiske tal som mogleg for materialkostnader og timepris på arbeidstida di.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal og Viveca Thindberg.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod