Hopp til innhald

Fagstoff

Kalkylar i tenesteytande bedrifter

Tenesteytande bedrifter sel tenester. Når dei yter kunden ei teneste, fakturerer dei gjerne dei timane dei har brukt på oppdraget. Det kan til dømes vere eit vektaroppdrag, ein guida tur i Tromsø eller ein elektrisk installasjon av ein elbilladar.
To vektarar på jobb. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utrekning av timepris

Korleis kan tenesteytande bedrifter finne fram til kva timepris dei skal nytte når dei fakturerer kundane sine for oppdrag? Her skal vi bruke eit lite vektarfirma som døme og sjå på korleis dei kan gå fram for å rekne ut timeprisen til kundane sine.

Vi går i dette dømet ut frå at dei totale inntektene til firmaet er alle timane dei har vektarar ute hos kundar, gonga med timeprisen. Utfordringa er å finne ein timepris som gir ei totalinntekt som er større ein dei totale kostnadene, og som helst òg gir litt forteneste.

Det er ikkje mogleg å ha ein vektar ute i inntektsbringande arbeid 52 veker i året. Feriar, heilagdagar, fråvære og kursing må òg reknast inn. La oss seie at ein vektar kan vere disponibel 5 dagar i veka 42 veker i året.

Prøv sjølv!

Kor mange arbeidsdagar i året er vektaren då disponibel til å seljast ut til kundar?

Løysing

42 veker · 5 dagar i veka = 210 arbeidsdagar

Det er heller ikkje mogleg å fakturere kundane for 100 prosent av den disponible tida til vektaren. Det er vanleg å rekne utnyttingsgrada til å vere 70–80 prosent.

Prøv sjølv!

Kor mange timar vil firmaet kunne selje for ein vektar i året dersom vi tek utgangspunkt i at vektaren har ein arbeidsdag på 7,5 timar og ei utnyttingsgrad på 80 prosent?

Løysing

7,5 timar · 0,8 (utnyttingsgrad) = 6 timar som kan seljast per dag

6 timar per dag · 210 dagar i året = 1 260 timar som kan seljast i året

Dersom bedrifta har fem vektarar, vil dei til saman kunne selje 6 300 timar (1 260 · 5).

Så må bedrifta fordele dei totale faste kostnadene på timane. Her må alle dei faste kostnadene med, både lønskostnader, administrasjonskostnader, husleige og alle andre faste kostnader bedrifta har i løpet av eit år. Det einaste som ikkje skal med her, er variable kostnader som materialkostnader, køyrekostnader og anna som kundane blir fakturerte for i tillegg til timeprisen.

Dersom bedrifta har kostnader på 3 500 000 kroner, vil kostprisen per time bli 556 kroner (avrunda).

For å få eit overskot må bedrifta leggje til ei forteneste på kostprisen. Ønskjer dei ei forteneste på 15 prosent, må dei setje timeprisen til 639 kroner (556 · 1,15).

Slik ser det ut når vi set dømet vårt opp i ein tabell:

Utrekning av timepris

Kalkulasjon

Kroner/Timer

Utrekning/kommentar

Totale kostnader

3 500 000 kr

Effektive timar

6 300 t.

42 · 5 · 7,5 · 0,8 · 5

Kostpris per time

556 kr

3 500 000 / 6 300

+ forteneste

83 kr

556 · 15 %

= timepris til kunde

639 kr

timepris utan meirverdiavgift

Prøv sjølv!

Kva blir timeprisen inklusiv meirverdiavgift når meirverdiavgifta er 25 prosent?

Løysing

Timepris utan meirverdiavgift 639 kr

+ meirverdiavgift, 639 kr · 25 % 160 kr

= timepris med meirverdiavgift 799 kr

Tenk etter

Kva går tida som ikkje kan fakturerast kundane, med til?



CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Oddvar Torgersen.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod