Hopp til innhald

Fagstoff

Påslagskalkyle

Det finst mange måtar å fastsetje prisen på eit produkt på. Her skal vi sjå på korleis vi kan bruke påslagskalkyle for å kome fram til riktig pris.
Bakerieigar. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Farek bruker påslagskalkyle

Farek jobbar som servitør på ein stor kafé som sel enkle lunsjrettar og kaffi. Dei har òg utsal av diverse drikkevarer. Farek skal berekne salsprisen på mineralvatn og vel å bruke påslagskalkyle.

Sparer tid

Kafeen sel mange ulike drikkevarer. Ved å bruke påslagskalkyle sparer Farek mykje tid, sidan dette er den aller enklaste måten å berekne salspris på.

Påslagstal

Det mest krevjande med påslagskalkyle er å finne riktig påslagstal. Påslagstalet er det talet Farek skal gonge inntakskosten for produktet med for å finne salsprisen med meirverdiavgift.

Krev erfaringstal

Før Farek byrja å bruke påslagskalkyle, brukte han sjølvkostkalkyle. Etter kvart såg han at salsprisen han kom fram til for drikkevarene, som oftast var akkurat dobbelt så høg som inntakskosten. Derfor kunne han byrje å bruke påslagskalkyle med påslagstalet 2.

Døme

Farek har ein inntakskost på ei flaske mineralvatn på 10 kroner. Han gongar det med 2, og finn då at salsprisen med meirverdiavgift blir 20 kroner.

Priskalkyle for mineralvatn

Kalkulasjon

Kroner /Påslagstall

Inntakskost

10 kr

· påslagstal

2

= salspris med meirverdiavgift

20 kr

Fagomgrep
Inntakskost
er det du betaler for å ta ei vare inn i bedrifta.
Påslagskalkyle
er ein svært enkel priskalkyle der inntakskosten blir gonga med eit påslagstal.
Påslagstalet
er det talet du gongar inntakskosten med for å berekne ein salspris som skal dekkje alle kostnader, forteneste og meirverdiavgift.
CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod