Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Pensjonatet

Her skal du setje opp priskalkylar for ei overnatting på eit pensjonat.
Ein mann sjekkar inn på eit hotell. Han står ved resepsjonsdisken og skriv noko ned på eit ark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øvre Torggate Pensjonat leiger ut rom med frukost for 823 kroner med meirverdiavgift.

Pensjonatet har bestemt prisen ut frå konkurransesituasjonen, altså bruker dei konkurransebasert prissetjing.

For éi overnatting har pensjonatet desse variable kostnadene:

Variable kostnader pER natt

Variable kostnader

Sum

Sengetøyvask

90 kr

Klargjering av rommet

150 kr

Frukost

75 kr

Oppgåve 1

  1. Rekn ut dekningsbidraget per overnatting.
  2. Kva skal dekningsbidraget dekke? Gi konkrete eksempel.

Oppgåve 2

I denne oppgåva skal du setje opp ein sjølvkostkalkyle som kalkulerer den kostnadsbaserte salsprisen. Dei direkte kostnadene er her lik dei variable kostnadene. Satsen for indirekte kostnader er 120 prosent. Fortenesta er 10 prosent. Det er 12 prosent meirverdiavgift på romutleige.

  1. Rekn ut sjølvkost og forteneste per overnatting.
  2. Rekn ut avansen i kroner og prosent. Kvifor blir avansen større enn dekningsbidraget i oppgåve 1 a?
  3. Rekn ut prisen med meirverdiavgift.
  4. Forklar skilnaden på konkurransebasert og kostnadsbasert prissetjing. Kva konsekvensar har det for bedrifta at den konkurransebaserte prisen er lågare enn den kostnadsbaserte?
Fasit oppgåve 1 a

Dekningsbidraget per overnatting er 419,82 kroner.

Løysingsforslag oppgåve 1 b

Dekningsbidraget skal dekke faste kostnader som lønn til personalet, straum, telefon/data og kommunale avgifter.

Fasit oppgåve 2 a

Sjølvkost er 693 kroner, og fortenesta er 69,30 kroner.

Løysingsforslag oppgåve 2 b

Avansen blir 447,30 kroner, eller 142 prosent (av dei variable kostnadene). Dette er større enn dekningsbidraget på 419,82 kroner frå oppgåve 1 a. Det må bety at pensjonatet har sett ned prisen i forhold til kva prisen skulle vore med 142 prosent avanse.

Løysingsforslag oppgåve 2 c

Pris med meirverdiavgift blir 853,78 kroner.

Løysingsforslag oppgåve 2 d

Ved konkurransebasert prissetjing er utgangspunktet for val av pris omsynet til konkurrentane sine prisar. Ved kostnadsbasert prissetjing er utgangspunktet at prisen skal dekke alle kostnadene og dessutan forteneste.

I dette tilfellet vil pensjonatet nesten få halvert fortenesta si ved å bruke den konkurransebaserte prisen i staden for den kostnadsbaserte.

Filer

CC BY-SASkrive av Hindrik Sants, Tone Hadler-Olsen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod