Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Priskalkylar – har du forstått omgrepa?

Her kan du vise at du har forstått fagomgrepa som blir brukte i temaet priskalkylar.

Oppgåve 1. Kostnader

  1. Forklar omgrepet kostnad.
  2. Kva meiner vi med direkte og indirekte kostnader? Bruk ein guida fjelltur eller ei handverksteneste som døme for å forklare kva for nokre direkte og indirekte kostnader som kan oppstå.

Oppgåve 2. Prissetjing

  1. Kva forhold må vi ta omsyn til når vi fastset pris?
  2. Kva kallar vi dei tre ulike metodane for å fastsetje pris?

Oppgåve 3. Kalkylar

  1. Forklar korleis du kalkulerer eit produkt etter sjølvkostmetoden.
  2. Forklar omgrepet dekningsbidrag.
  3. Forklar korleis du kan bruke bidragsmetoden.
  4. I kva situasjonar er det formålstenleg å bruke bidragsmetoden?
  5. Forklar omgrepet avanse.
  6. Kva er forskjellen på avanse og dekningsbidrag?
  7. Kva går påslagsmetoden ut på?
  8. Kva dekkjer påslaget i påslagsmetoden?
  9. Kva trur du er grunnen til at butikkar ofte bruker påslagsmetoden når dei fastset prisen?

Oppgåve 4. Prisdifferensiering

  1. Kva blir meint med prisdifferensiering?
  2. Nemn døme på kriterium som bedrifter kan bruke i prisdifferensieringa.
  3. Kva er grunnane til at bedrifter prisdifferensierer?
CC BY-NC-SASkrive av Steinar Madsen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod