Hopp til innhald

Fagstoff

Sjølvkostkalkylen trinn for trinn

Anne har fagbrev i salsfaget og er tilsett som butikksjef i ei større elektronikkjede. Ho bruker vanlegvis sjølvkostkalkylen når ho skal kalkulere prisar.
Speilreflekskamera og eit objektiv utstilte på ei glashylle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

God kontroll på kostnadene

Anne seier at den viktigaste grunnen til at ho bruker sjølvkostkalkylen, er at han gjer ho trygg på at utsalsprisane for butikken dekker inn kostnadene. Om ho ikkje føler seg ganske sikker på at ei vare vil oppnå ein pris som både dekker kostnadene og hennar eigne krav til forteneste, så lèt ho vere å tilby denne vara. Ikkje sjeldan er altfor optimistiske varekjøp det som gjer at ein butikk får økonomiske problem.

Anne bruker sjølvkostkalkylen

Anne har akkurat fått eit parti med digitale kamera inn i butikken, og desse skal vi bruke som døme. I artikkelen "Sjølvkostkalkylen – eit døme med rekneark" går vi gjennom det same dømet ved hjelp av rekneark.

sjølvkostkalkylen

Kalkulasjon

Innkjøpspris

+ andre direkte kostnader

= inntakskost

+ indirekte kostnader

= sjølvkost

+ forteneste

= salspris utan meirverdiavgift

+ meirverdiavgift

= salspris

Første trinn – direkte varekostnad

Når vi bruker sjølvkostkalkylen, tek vi utgangspunkt i innkjøpsprisen for ei vare. Pakksetelen Anne har fått, viser at kvart kamera har ein innkjøpspris på 960 kroner. Denne prisen legg ho inn i ein tabell:

Kalkulasjon med sjølvkostkalkylen

Kalkulasjon

Sum

Innkjøpspris

960,00 kr

Andre trinn – andre direkte kostnader

Ved sjølvkostkalkylen er det viktig å finne alle kostnader som har direkte med eit produkt å gjere. Anne ser at ho har betalt 600 kroner i frakt for 12 kamera. Ho deler fraktkostnaden for heile sendinga på 12 og får 50 kroner per produkt i andre direkte kostnader.

Kalkulasjon med sjølvkostkalkylen

Kalkulasjon

Sum

Innkjøpspris

960,00 kr

+ andre direkte kostnader

50,00 kr

Tredje trinn – sum inntakskost

I sjølvkostkalkylen blir omgrepet inntakskost brukt om "det det kostar å få ei vare inn". I tilfellet til Anne er kameraet betalt inn til butikken når ho har gjort opp for den direkte varekostnaden og andre direkte kostnader. Ho summerer desse i tabellen og får ein inntakskost på 1 010 kroner. Men framleis er det eit stykke att til den endelege prisen.

Kalkulasjon med sjølvkostkalkylen

Kalkulasjon

Sum

Innkjøpspris

960,00 kr

+ andre direkte kostnader

50,00 kr

= inntakskost

1 010,00 kr

Fjerde trinn – indirekte kostnader

For Anne kostar det å drive butikken. Ho må betale husleige, straum, rente på lån, lønn til dei tilsette og annonsar i lokalavisa. Saman med rekneskapsføraren sin har ho berekna desse kostnadene og fordelt dei på omsetning. Dei ønskte å finne ein fast prosentsats og enda på 60 prosent. Det betyr at Anne må leggje til 60 prosent på inntakskosten på alle varer for å dekkje dei mange kostnadene som ikkje kan knytast til eit spesielt produkt. I dette tilfellet blir den indirekte kostnaden per kamera 606 kroner. Dette legg ho inn i ei ny linje i tabellen.

Kalkulasjon med sjølvkostkalkylen

Kalkulasjon

Sum

Innkjøpspris

960,00 kr

+ andre direkte kostnader

50,00 kr

= inntakskost

1 010,00 kr

+ indirekte kostnader

606,00 kr

Femte trinn – sjølvkost

Med omgrepet sjølvkost meiner vi den prisen som dekker både dei direkte kostnadene for vara og vara sin del av felleskostnadene som alle varer må vere med og dele på. Anne fyller inn ei ny linje i tabellen. Prisen på kameraet er no komen opp i 1 616 kroner. No står det berre att å tene pengar.

Kalkulasjon med sjølvkostkalkylen

Kalkulasjon

Sum

Innkjøpspris

960,00 kr

+ andre direkte kostnader

50,00 kr

= inntakskost

1 010,00 kr

+ indirekte kostnader

606,00 kr

= sjølvkost

1 616,00 kr

Sjette trinn – forteneste

Anne synest det er kjekt å drive butikk. Aller kjekkast er det når ein månadsrekneskap viser eit godt overskot. Ho har i samråd med kjeda og rekneskapsføraren sett ein sats på forteneste på 30 prosent. For dette kameraet blir det 484,40 kroner, som ho rundar av til 485 kroner.

Kalkulasjon med sjølvkostkalkylen

Kalkulasjon

Sum

Innkjøpspris

960,00 kr

+ andre direkte kostnader

50,00 kr

= inntakskost

1 010,00 kr

+ indirekte kostnader

606,00 kr

= sjølvkost

1 616,00 kr

+ forteneste

485,00 kr

Sjuande trinn – salspris utan meirverdiavgift

No er Anne så godt som i mål. Ho har fått ein salspris utan meirverdiavgift på 2 101 kroner.

Kalkulasjon med sjølvkostkalkylen

Kalkulasjon

Sum

Innkjøpspris

960,00 kr

+ andre direkte kostnader

50,00 kr

= inntakskost

1 010,00 kr

+ indirekte kostnader

606,00 kr

= sjølvkost

1 616,00 kr

+ forteneste

485,00 kr

= salspris utan meirverdiavgift

2 101,00 kr

Åttande trinn – salspris med meirverdiavgift

For Anne er den siste delen av kalkulasjonen enkel, sidan ho har same sats for meirverdiavgift på alle produkt. Du finn ei oversikt over satsar for meirverdiavgift hos Skatteetaten. Ho legg 25 prosent meirverdiavgift, altså 525,25 kroner, til salsprisen.

Kalkulasjon med sjølvkostkalkylen

Kalkulasjon

Sum

Innkjøpspris

960,00 kr

+ andre direkte kostnader

50,00 kr

= inntakskost

1 010,00 kr

+ indirekte kostnader

606,00 kr

= sjølvkost

1 616,00 kr

+ forteneste

485,00 kr

= salspris utan meirverdiavgift

2 101,00 kr

+ meirverdiavgift

525,25 kr

Anne summerer og får ein salspris med meirverdiavgift på 2 626,25 kroner. Ho legg prisen inn i tabellen og er i mål.

Kalkulasjon med sjølvkostkalkylen

Kalkulasjon

Sum

Innkjøpspris

960,00 kr

+ andre direkte kostnader

50,00 kr

= inntakskost

1 010,00 kr

+ indirekte kostnader

606,00 kr

= sjølvkost

1 616,00 kr

+ forteneste

485,00 kr

= salspris utan meirverdiavgift

2 101,00 kr

+ meirverdiavgift

525,25 kr

= salspris med meirverdiavgift

2 626,25 kr

Ofte gjer ein "prispsykologiske" justeringar for å legge prisen rett under ein hundre- eller tusenlapp. I vårt døme kunne Anne vurdert å setje prisen til 2 599 kroner. Kundane vil då kunne oppfatte prisen som lågare enn han faktisk er.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod