Hopp til innhald

Fagstoff

Å lese statistikk

Diagram, kart, ordskyer, tankekart og animasjonar kan få tal til å snakke, eller kanskje til og med leve, viss det er gjort på ein god måte. Men det kan òg få tal til å lyge.
Tabellar, søyle- og linjediagram. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Statistikk er i utgangspunktet ei mengde tal samla i tabellar. Når du skal formidle statistikk må du først velje ut dei tala som viser noko interessant, anten det er forskjellar, likskapar, samanhengar eller endringar. For å gjere desse interessante tala lett forståeleg kan du lage ei av tala. Visualiseringar kan til dømes vere ulike typar diagram eller kart. Kva visualisering som eignar seg best, avheng av kva du ønsker å formidle.

Skal du til dømes vise nedbørsmengde gjennom eitt år i Bergen fordelt på månader, bør du kanskje velje eit stolpediagram. Viss du vil vise kor mykje regn som fall i april i heile Noreg, kan du kanskje bruke eit kart med fargekodar.

Fem ting å sjå etter i ei visualisering

Om du ser ei interessant visualisering, bør du sjekke ut fem ting som kjapt kan gi deg ei bra forståing:

  • tittel
  • kjelde
  • nøkkel
  • aksar og skalaer
  • data (blir behandla nærare i artikkelen om diagramtypar og data)

Ikkje alle visualiseringar har alle desse elementa, men det treng slett ikkje å gjere dei til "dårlege" visualiseringar. Nokon visualiseringar treng dei kanskje ikkje, til dømes har ikkje eit verdskart nokon skala. Nokon gonger blir elementa brukte utan at det er openbert at dei er der – det kan hende du må trykkje på eit ikon for å sjå dei. Men det kan òg hende at ei visualisering blir vanskelegare å forstå utan desse elementa.

Utforsk dei ulike elementa i diagrammet under.

Diskuter

  • Kva fortel diagrammet over?
  • Kva er det mest interessante som kjem fram?

Relatert innhald

Ei oversikt over dei vanlegaste diagramtypane, korleis dei bør bli brukte og forståtte.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen. Rettshavar: tallgrafikk.no
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Statistikk og kjeldekritikk