Hopp til innhald

Fagstoff

Statistikk og debatt

Det er viktig at du studerer tala grundig når du skal bruke statistikk. Statistikk kan avgjere ein diskusjon. Men ikkje alt kan teljast. Statistikk kan ikkje brukast på kvalitative verdiar, - om ein låt er fin eller stygg, for eksempel.
Menn trekker en graflinje i motsatt retning. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven har rett eller tek feil i diskusjonen?

Statistikk kan også avgjere kven som har rett og kven som tek feil i ein diskusjon. Dersom du kranglar med ein ven om kva som er den mest populære låten på Spotify, kan dette lett avgjerast ved å sjå på Spotify sin eigen statistikk over dei mest spelte låtane: Spotify Charts.

Ikkje alt kan teljast

Vi må likevel hugse at det finst mykje som ikkje kan teljast og bli statistikk. Det som er interessant å samle inn i store mengder for å telje det og sette det i system, kallar vi for kvantitative data. «Data» kan vi omsetje med informasjon, og «kvantitative» tyder at det kan teljast. Det kan for eksempel vere kor mange som bruker Spotify dagleg, eller kva for artistar som har flest avspelingar.

Det som ikkje er kvantitative data, kallar vi kvalitative data. Dette er informasjon som ikkje kan teljast, som for eksempel kvifor folk liker å høyre på musikk, eller kva musikken betyr for liva til lyttarane. Diskuterer du og venen din kva som er den beste låten på Spotify, eller om Twitter er betre enn Facebook, er det eit kvalitativt spørsmål. Då handlar det om smak og meiningar, og de vil ha ei lang natt foran dykk! I eit slikt tilfelle vil altså ikkje kvantitative data, tal og statistikk, vere til særleg hjelp.

At ein artist har over sju millionar strøymingar på Spotify, fortel oss altså ikkje noko om kvifor folk likar artisten, sjølv om det er openbert at artisten er populær. Vi må derfor hugse at statistikk ikkje kan brukast til å svare på alle typar spørsmål.

Kva for nokre av desse spørsmåla meiner du kan løysast ved hjelp av statistikk?

  • Kva åt du til middag i går?
  • Kva er den mest typiske middagen til nordmenn?
  • Kva er best, burger eller sushi?
  • Kva sel best, burger eller sushi?
  • Kva ønskjer du deg til jul?
  • Kor mykje pengar brukte nordmenn på julegåver i fjor?
CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2018

Læringsressursar

Statistikk og kjeldekritikk