Hopp til innhald

Fagstoff

Medieundersøkingar

Kva er ei medieundersøking? Kven gjennomfører slike medieundersøkingar? Korleis og kvifor gjennomfører ein slike undersøkingar? Det er nokre av spørsmåla du får svar på i denne fagteksten.
Stor hand som held eit forstørringsglas over ein liten mann med snakkeboble. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ei medieundersøking?

Ei medieundersøking er ei kartlegging av medievanane til folk: kva for medium folk bruker, og korleis bruksmønsteret endrar seg over tid. Formålet med slike undersøkingar er å få fram statistiske data over mediebruken til befolkninga. Denne informasjonen er nyttig både for styresmakter, mediebedrifter og for deg som mediekonsument. Informasjonen blir mellom anna brukt til å utforme medietilbodet, og til forsking og undervisning.

Kven gjennomfører medieundersøkingar?

Det er mange ulike institusjonar som utfører medieundersøkingar, både offentlege og private. Dei gir jamleg ut rapportar over mediebruken i Noreg:

  • Statistisk sentralbyrå (SSB) gir ut Norsk mediebarometer, basert på ei årleg undersøking om mediebruk i Noreg.
  • Medietilsynet gir mellom anna ut rapporten Barn og medier, som er basert på jamlege undersøkingar av mediebruk blant barn og unge.
  • Kantar er Noregs viktigaste kommersielle analysemiljø for medium og gir ut offisielle mediebruksundersøkingar for alle dei store mediekanalane i Noreg.
  • Medienorge er ein informasjonssentral om norske medium, oppretta av Kulturdepartementet. Dei publiserer fakta om norske medium, men har òg peikarar til utanlandske medieundersøkingar.

Korleis blir medieundersøkingar gjennomførte?

SSB har heilt sidan 1967 gjennomført såkalla utvalsundersøkingar om bruk av ulike massemedium. Medieundersøkinga blir gjennomført ved telefonintervju med eit av befolkninga, ca. 2000 personar mellom 9 og 79 år. SSB bruker òg elektroniske spørjeskjema.

Medietilsynet sin rapport Barn og medier byggjer på ei undersøking som Sentio Research Noreg utfører for Medietilsynet annakvart år. I 2020 deltok over 3000 barn og unge frå 51 skular over heile landet i den nettbaserte spørjeundersøkinga. Undersøkinga blei følgd opp med gruppeintervju.

Kantar bruker ulike metodar som grunnlag for undersøkingane sine:

  • personleg intervju og telefonintervju
  • spørjeskjema via post, og webbasert spørjeskjema
  • direkte uthenting av data frå tv-skjermar, internettruterar osb.

Undersøkingar blir gjennomførte i ulike panel som består av personar som representerer eit tilfeldig valt gjennomsnitt av befolkninga.

GallupPanelet består av 40 000 personar som jamleg svarer på spørjeundersøkingar.

Gallup Seerpanel består av 1600 husstandar rundt om i heile landet. Måleutstyr som er påkopla tv-skjermar, internettruterar og appar hentar ut informasjon om korleis desse husstandane bruker tv, online-video og nett-tv.

GallupGo-panelet er òg ein del av sjåarundersøkinga. Dei 2300 medlemmene i dette panelet har med seg ei lita måleeining, GallupGO, gjennom heile dagen. Måleutstyret registrerer tv-bruk med utgangspunkt i lydkodar som ligg gøymde i tv-sendingane, men som ikkje er høyrbare for menneske.

Norsk Internettpanel består av 5000 personar. Det blir registrert kva desse personane gjer på Internett: kva nettsider dei besøkjer, og kor lenge dei er på dei ulike nettsidene. Det blir gjort ved at det blir installert informasjonskapslar (cookies) på datamaskiner, nettbrett og mobiltelefonar, og desse informasjonskapslane overfører så brukarinformasjonen til Kantar.

Informasjonsvideo om Norsk Internettpanel – tekstversjon

Når du er med i Norsk Internettpanel, har du vore gjennom eit rekrutteringsintervju der vi har kartlagt internettbruken din. Dette intervjuet dannar grunnlag for korleis vi kan følgje internettbruken din når du surfar på internett.

Alle nettsider er bygde opp av ein kode. For at vi skal kunne måle internettbruken, må dei som lagar sida ha lagt til eit lite script heilt nedst i koden. Scriptet er ein liten kodesnutt som gir beskjed om at sida er med i målinga til TNS Gallup.

Scriptet fungerer på den måten at det sjekkar om informasjonskapselen vår, eller cookien, er til stades i nettlesaren din. Cookien bruker vi til å stadfeste at det er ein bestemd panelmedlem som står bak trafikken på sida. Cookien fungerer med andre ord som ein slags indikator på når ein er på Internett.

Svært få veit eigentleg kva ein cookie er for noko, og vi skal prøve å forklare det for deg her. Cookien er i utgangspunktet ei harmlaus lita tekstfil som har ein unik ID i seg, som gjer det mogleg for ein nettstad å hugse deg att neste gong du besøkjer han. Mellom anna bruker nettstader cookies for å halde styr på kva du har liggjande i handlekorga di, eller for å hugse at du sette heimstaden din som standard for vêrmeldinga førre gong du sjekka vêret.

Når cookien er lesen av, sender nettstaden ein beskjed til TNS Gallup om at det er registrert ei sidevisning. TNS Gallup lagar då ein logg som registrerer tidsbruken på sidevisninga og ID-en som ligg inne i cookien.

Vi loggfører ikkje noko anna enn sidevisninga. Vi har ikkje høve til å sjå kva du har skrive inn på sidene, eller kva del av sida du faktisk ser på. All informasjon i loggane er anonymisert, og ingen kan gå inn i systemet og finne trafikken til ein enkelt panelmedlem.

Trafikkloggane blir til slutt køyrde gjennom ei rekkje statistikkprogram og endar opp i ei toppliste som blir publisert på nettsidene til TNS gallup.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2020

Læringsressursar

Statistikk og kjeldekritikk