Hopp til innhald

Fagstoff

Presentasjon av statistikk

Når du skal presentere statistiske data for andre, må du passe på at du gir mottakaren eit korrekt bilete av det du eller andre har funne ut. Her får du seks gode råd med på vegen.
Ei mengd papirark som ligg spreidde utover eit bord. Arka viser ulike typar grafiske framstillingar i mange fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Råda nedanfor er inspirerte av, og delvis baserte på, ein artikkel på forskning.no: Pass på disse fallgruvene når du leser statistikk

1. Få klart fram kva det er du har talt

Dersom 60 prosent av personane du har spurt, ser på tv kvar fredag saman med familien, kan du ikkje seie at 60 prosent liker å sjå på tv saman med familien, for det ikkje er dette du har spurt om. Du har spurt om tidsbruk, ikkje om personane liker aktiviteten eller ikkje.


Skrivetips

I denne undersøkinga har vi stilt elevar ved NN vgs. tre spørsmål:

  1. Kor ofte ser du på tv saman med familien kvar veke?
  2. Kor ofte ser du på tv åleine?
  3. Kor ofte bruker du strøymetenester som Netflix, Viaplay osb.?

2. Få fram kven du har spurt

Å seie at nordmenn generelt bruker lite tid på tv, blir feil dersom du berre har spurt ungdom i undersøkinga di.

Og spør du ungdom på ein bestemd skule, i ein bestemd kommune eller i ein bestemd del av landet om noko, er det slett ikkje sikkert du vil få dei same svara på ein annan skule, i ein annan kommune eller i ein annan del av landet. Det skal derfor alltid komme klart fram kven som er spurt.


Skrivetips

Vi har spurt 20 elevar på medielinja ved NN vgs. ...

3. Få fram kor mange du har spurt

I meiningsmålingar er det vanleg å spørje 1 000 personar. Så store undersøkingar er det ikkje mogleg å få til i skulesamanheng, og det er heilt greitt om du gjer undersøkingar med langt færre respondentar. (Respondentar er personar som svarer på ei undersøking.) Hugs likevel at du får eit langt betre datagrunnlag om du spør 30 personar enn om du spør berre tre.

Uansett kor stor eller lita undersøkinga di har vore, må du alltid gi opp kor mange du har spurt, og kor mange som har svart, når du skal vise fram statistikken.

Du kan lese meir i denne artikkelen frå «Holbergprisen i skulen»: Kven og kor mange?


Skrivetips

Undersøkinga blei send ut til 30 elevar, og 20 av dei svarte på ho.

4. Ver forsiktig med å generalisere

Måten du omtaler statistikken på, må samsvare med kor mange du har spurt. Dersom du til dømes spør ti personar om dei har Facebook-appen installert på telefonen, og tre av dei svarer nei, kan du ikkje hevde at tre av ti ikkje har Facebook-appen installert, utan å opplyse om at du berre har spurt ti personar.

Formuleringar som "tre av ti" eller "30 prosent" seier ikkje noko om datagrunnlaget ditt, og lesaren kan lett få inntrykk av at du har spurt langt fleire personar enn berre ti.

Det du finn ut gjennom undersøkinga di, vil sannsynlegvis vil gjelde for fleire enn berre respondentane dine, men har du spurt berre ti personar, kan du ikkje hevde at det du fann, gjeld for alle. Du har ikkje godt nok generaliseringsgrunnlag for ein slik påstand.

Skrivetips

Av dei 20 som svarte på undersøkinga vår, seier 5 personar at ..., 10 seier at … og 3 seier at …

5. Bruk grafar som gir ei sannferdig framstilling av tala

Grafane du bruker, må gi ei tydeleg og sannferdig framstilling av datamaterialet.

Måten statistikk blir framstilt på, har mykje å seie for korleis bodskapen blir oppfatta, og grafikken nedanfor er eit godt døme i så måte. Kommunikasjonsrådgivarane i partiet Høgre har her brukt fargen lyseblått for å få partiet Høgre til å skilje seg ut frå dei andre partia som er representerte i diagrammet. På toppen av søyla som viser oppslutninga om partiet Høgre, har dei plassert eit hjarte. Dette hjartet gjer at søyla verkar høgare enn ho faktisk er.

Det har ikkje blitt juksa med tala i dette diagrammet, men det er brukt fargar og symbol for å påverke det inntrykket publikum får av tala.

Stolpediagram som viser ei oversikt over veljaroppslutninga rundt dei ulike partia i Noreg. Sendar er partiet Høgre, og tittelen over diagrammet er: "Takk for tilliten! Høyre + 3 poeng". Grafikk.

I tillegg til fargeval, skriftstorleik osv. kan høgda på x-aksen og lengda på y-aksen i eit linjediagram ha mykje å seie for korleis dei presenterte tala blir oppfatta.

6. Bruk tekst som forklarer kva diagrammet viser

Alle diagramma bør ha ein tekst under eller over som forklarer kva diagrammet viser. Pass godt på at teksten faktisk seier det same som det diagrammet viser.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Læringsressursar

Statistikk og kjeldekritikk