Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fordjup deg i statistikk og mediebruk

I denne oppgåva skal du fordjupe deg i statistikk om mediebruk i Noreg i dag, som er henta frå tilgjengelege data frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Foto av ei gruppe på fire personar som sit ved eit bord og samarbeider om statistikk. Dei har grafar og tabellar på papir og datamaskin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Studer Statistisk sentralbyrås faktaside om mediebruk.

  1. Kva kan denne sida fortelje deg om utviklinga i mediebruken i Noreg dei siste 30 åra?
  2. Plukk ut dei tre viktigaste tendensane ved utviklinga i mediebruken dei siste 30 åra. Forklar kvifor du har valt nettopp desse tre.
  3. Korleis vil du forklare desse endringane i mediebruken?
  4. Diskuter det du har komme fram til, med ein medelev. Del deretter tankane de har gjort dykk, med resten av klassen.

Oppgåve 2

I denne oppgåva skal du øve deg på å jobbe med statistikk. Du skal sjølv velje ut ulike variablar som år, medietype, kjønn og alder.

  1. Ta utgangspunkt i statistikkbanken frå Norsk Mediebarometer. Først gjer du deg kjend med denne statistikkbanken for å sjå kva moglegheiter som ligg i han.
  2. Deretter lagar du ei problemstilling som du ønsker å finne svar på. Eit døme på ei slik problemstilling kan vere: Kor mykje tid brukte kvinner i aldersgruppa 16–24 år på digitale spel i 2015 og i år?
  3. Presenter problemstillinga di for ein medelev. Diskuter dykk fram til ei felles problemstilling som de ønsker å utforske saman.
  4. Bruk data i statistikkbanken til å belyse eller svare på problemstillinga.
  5. Del det de har funne ut, med resten av klassen.

Relatert innhald

Kva er det viktigaste ein bør sjå etter når ein skal lese statistikk?

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2020

Læringsressursar

Statistikk og kjeldekritikk