Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Minoritetar i media – utforsk kjelder

I desse oppgåvene utforskar du emnet minoritetar og representasjon i media gjennom å undersøkje skriftlege kjelder. Du øver deg på å søkje etter, lese og få oversikt over ulike kjelder for å finne og vurdere relevant informasjon. Til slutt dokumenterer og samanfattar du funna dine.
Fire elever sit ved pultar og jobbar med skulearbeid. To les bøker og to skriv på pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I kjeldeoppgåvene undersøkjer du følgjande:

  • ein offentleg rapport frå politiet med statistisk informasjon om hatkriminalitet
  • kva samiskspråklege tilbod som finst i sosiale medium, med utgangspunkt i ein nettartikkel frå NRK
  • nyheiter i den fleirkulturelle avisa Utrop
  • ei stortingsmelding frå regjeringa

Til slutt dokumenterer og samanfattar du funna dine.

Oppgåve 1. Statistisk informasjon om hatkriminalitet

Kjelde: Oslo politidistrikt (2023): Hatkriminalitet – anmeldt hatkriminalitet 2021

I denne oppgåva skal du hente ut statistisk informasjon frå ein politirapport om hatkriminalitet. Les innhaldslista nøye. Då slepp du å lese heile rapporten for å finne svara.

  1. Kva er det viktigaste grunnlaget for hatkriminalitet i Noreg?
  2. Kva statsborgarskap har dei som oftast blir utsette for hatkriminalitet?
  3. Kva statsborgarskap har dei som oftast utset andre for hatkriminalitet?
  4. Samanlikn svara på dei tre spørsmåla. Er det noko som overraskar deg?
  5. Diskuter med ein medelev korleis politiet sine data frå 2019 kan tolkast.

Oppgåve 2. Samiskspråklege tilbod i sosiale medium

Kjelde: NRK Sápmi (2019): 10 gode råd: Slik holder du liv i det samiske språket i byen

Les artikkelen på nrk.no. Eit av råda for å halde liv i det samiske språket dersom du bur i byen, er å bruke samisk i sosiale medium.

Søk etter meir informasjon om dette rådet:

  1. Undersøk kva for nokre samiskspråklege tilbod som finst i sosiale medium, og lag ei liste over tilbod som du meiner passar for folk på din alder.
  2. Kva fordelar og ulemper kan det ha å berre bruke samisk språk i sosiale medium?

Oppgåve 3. Nyheitsprofilen til Utrop – Noregs første fleirkulturelle avis

Kjelde: nettavisa Utrop

Studer nettavisa Utrop. Lag ei oversikt over dei saksområda avisa tek opp. Bruk ein tabell til å registrere sakene.

Døme på tabell:

Nasjonale
nyheiter

Internasjonale
nyheiter

Urfolk

Innvandrarar

Medium

osv.

(døme)

(døme)

(døme)

(døme)

(døme)

(døme)

(døme)

(døme)

(døme)

(døme)

(døme)

(døme)

  1. Kva typar saker får mest spalteplass?
  2. Kva fortel det om målgruppa avisa vender seg til?
  3. Er det nokon sakstypar du saknar i denne nettavisa?
  4. Er det nokon saker som Utrop dekkjer, og som du saknar i dei media du vanlegvis les?

Oppgåve 4. Regjeringa sin politikk på området medium og nasjonale minoritetar

Kjelde: Regjeringa (2020): Meld. St. 12 (2020–2021) Nasjonale minoriteter i Noreg – en helhetlig politikk

Ei stortingsmelding er eit dokument regjeringa utformar for å orientere Stortinget om ei sak regjeringa jobbar politisk med.

Det er ofte komplisert å lese ei stortingsmelding. I denne oppgåva skal de derfor jobbe to og to med å finne relevant informasjon som handlar om regjeringa sin politikk på området medium og nasjonale minoritetar.

  1. Kva tiltak viser stortingsmeldinga til når det gjeld nasjonale minoritetar og representasjon i media?
  2. Diskuter i klassen om dei beskrivne tiltaka er gode og dekkjande, eller dårlege og mangelfulle.

Tips

  • Bruk innhaldslista på høgre side aktivt til å orientere deg i stortingsmeldinga.
  • Søk i dokumentet med søkjeordet "media".

Oppgåve 5

Dokumenter informasjonen du har funne og vurdert i kjeldene over.

Relatert innhald

I Noreg finst det i dag aviser på minoritetsspråka samisk og kvensk. Nokre innvandrarar les helst aviser frå heimlandet, på morsmålet.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2021

Læringsressursar

Statistikk og kjeldekritikk