Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder salsmiljø og utform tiltak

Vurder det indre- og ytre salsmiljøet til ein sjølvvald butikk. Kva tiltak kan butikken setje inn for å skape meirsal og betre kundeopplevingar? Gjer oppgåvene nedanfor i par eller i små grupper.
Ein kunde som ber ei blå handlekorg, står framfor ein kjøledisk med fisk i ein Rema 1000-butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Besøk ein butikk

  • Ta med noko å skrive på eller noter på telefonen

  • Oppsøk ein butikk i nærområdet og presenter dykk høfleg. Spør om det er greitt at de gjer ei lita undersøking og kanskje tek nokre bilete (ikkje av personar).

  • Noter ned følgjande:

    • Korleis opplever de det ytre salsmiljøet til butikken?

    • Korleis opplever de det indre salsmiljøet til butikken?

    • Korleis opplever de servicen til butikken?

    • Er det spesielle ting de legg merke til?

    • Er det noko i butikken som viser tilknyting til ein annan salskanal, til dømes eigen nettbutikk/nettside?

På utsida av ein H&M-butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Når de kjem tilbake til klasserommet, kan de diskutere heilskapsinntrykket av butikken.

  • Skriv ein liten presentasjon av butikken ut ifrå det de fann ut når de var på besøk.

Oppgåve 2: Skriv ein rapport

  • Ta utgangspunkt i det de fann ut i oppgåve 1 og skriv ein rapport om butikken. Rapporten må ha med kva som var bra og mindre bra når det gjeld:

    • service

    • reinhald

    • orden

    • marknadsføring

    • den totale kundeopplevinga

  • Rapporten skal òg innehalde tre tips til betre service.

  • Rapporten kan leggjast ved presentasjonen frå den første oppgåva.

Oppgåve 3: Utarbeid salsfremjande tiltak

  • Bruk fantasien i denne delen.

  • Butikken ønskjer vekst og vil satse på meirsal og gjensal. Bruk teikneprogrammet Sweethome 3D og lag ei skisse av det indre og ytre miljøet til butikken, utan innreiing.

  • Teikn eit nytt utkast til korleis butikken kan sjå ut. Det nye utkastet skal innehalde eit salstorg, som skal fremje salet for eit sjølvvalt produkt frå butikken.

  • Dette produktet skal vere ei kampanjevare i fire veker, og de må sjølv tenkje kva andre produkt som kan framhevast som meirsalsprodukt.

  • Utarbeid og lag forslag til eit salsfremjande innlegg for denne aktiviteten på sosiale medium, til dømes Snapchat eller Instagram.

  • Lag ei fin framvising for kvarandre der de grunngir vala dykkar.

  • Lykke til!

Last ned Sweethome 3D

Her kan du laste ned teikneprogrammet Sweet Home 3D (sweethome3d.com).

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021

Læringsressursar

Salskanalar og salsmiljø