Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis fremje sal, meirsal og gjensal i nettbutikkar?

I denne oppgåva skal du utforske og gjere greie for tiltak som kan fremje sal, meirsal og gjensal i nettbutikkar.
Illustrasjon av netthandel.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Forklar omgrepa sal, meirsal og gjensal.

  2. Korleis bør ein nettbutikk vere utforma for å fremje sal, meirsal og gjensal? Skriv ned døme på ulike verkemiddel ein nettbutikk kan bruke i utforminga.

Oppgåve 2

God service er viktig for å få selt produkt, og mykje av kundeservicen i dag går føre seg på nett.

  1. Les den relaterte artikkelen nedanfor.

  2. Gjer greie for ulike former for service som kan vere aktuelle for ein nettbutikk.

Relatert innhald

Oppgåve 3

Utforsk ein valfri butikk på nettet.

  1. Korleis er nettbutikken utforma? Beskriv.

  2. Synest du utforminga er velfungerande? Kvifor / kvifor ikkje?

  3. Gjer greie for og vurder eksisterande tiltak som fremjar meirsal og gjensal i nettbutikken.

  4. Kom med forslag til nye tiltak som nettbutikken kan gjere for å fremje meirsal og gjensal.

  5. Gjer greie for ulike former for service i nettbutikken.

  6. Kom med forslag til nye tiltak som kan forbetre servicen i nettbutikken.

Oppgåve 3

Lag ei liste med tips som du kallar "10 tips for å fremje sal, meirsal og gjensal i nettbutikkar".

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022

Læringsressursar

Salskanalar og salsmiljø