Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Butikkutvikling

Korleis kan salsmiljøet i ein butikk bidra til å fremje sal, meirsal og gjensal? Sjå videoen, og jobb med oppgåvene om butikkutvikling.
Fotografi som viser eit par hender som held ein mobiltelefon og driv med nettshopping, og som samstundes er inne i ein fysisk butikk som synest i bakgrunnen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Forklar desse fagomgrepa:

  1. indre salsmiljø

  2. ytre salsmiljø

  3. salskanal

  4. kommunikasjonskanal

  5. meirsal

  6. gjensal

Oppgåve 2

Sjå videoen "Salgsledelse og butikkutvikling" nedanfor, og ta notat undervegs.

Oppgåve 3

I videoen besøkjer butikkutviklar Gøril H. Florvaag Inger-Marie Holmsen, som er dagleg leiar i butikken Titt inn garn AS i Rakkestad.

  1. Kva tips og råd gir Gøril om det indre salsmiljøet i garnbutikken?

  2. Kva tips og råd gir Gøril om det ytre salsmiljøet i garnbutikken?

  3. Kvifor er salsmiljøet i ein butikk ein viktig faktor for å fremje sal, meirsal og gjensal? Grunngi svaret.

Oppgåve 4

I videoen seier Gøril: "Det viktigaste du gjer når du driv butikk, er å planleggje." Kva trur du ho meiner med det?

Oppgåve 5

Undervegs i videoen seier Gøril òg: "Tidlegare var marknadsføring kanskje litt enklare." Kva trur du ho meiner med det?

Oppgåve 6

I videoen møter vi òg Elise Lande, som er digital rådgivar i Bilia. Ho seier noko om at alle kanalane i dag har ein felles trend. Kva trend viser ho til? Kva trur du er årsakene til at dette er blitt ein trend?

Oppgåve 7

  1. Kva kommunikasjonskanalar nyttar Titt inn garn AS? Sjekk ut butikken på nett og i sosiale medium.

  2. I videoen gir Gøril og Elise mange råd til butikkeigaren. Ut ifrå det du ser i kommunikasjonskanalane til Titt inn garn AS, synest du butikkeigaren har følgt råda på ein god måte? Gi konkrete døme i svaret ditt.

Oppgåve 8

Butikkutviklaren Gøril har eit ekstra engasjement for sjølvstendige nisjebutikkar og har starta ein bevisstgjeringskampanje som ho har kalla "Nisjebutikkens dag". Ho har uttalt følgjande:

Jeg tror at mange kjenner på at det blir mer og mer kjedelig når “alt” blir likt. Kjøpesentrene blir like når butikkene er like. Byene blir like når butikkene er like. De selvstendige butikkene tilfører noe annet. Det handler faktisk om byens identitet – et steds atmosfære og stolthet. Butikkene er med på å definere omgivelsene rundt oss. Derfor pleier jeg å si at (steds-)byutvikling er butikkutvikling og butikkutvikling er (steds-)byutvikling.

Ta utgangspunkt i den næraste byen din:

  1. Korleis vil du beskrive butikkutvalet i byen? Er det nokon typar butikkar du saknar? Viss ja, kva typar butikkar saknar du?

  2. Er det ei overvekt av kjedebutikkar i byen? Kunne du i så fall ønskje at det var fleire sjølvstendige nisjebutikkar der? Kvifor / kvifor ikkje?

  3. Er du einig med Gøril i utsegna hennar om at god butikkutvikling er avgjerande for atmosfæren og identiteten til ein stad? Kvifor / kvifor ikkje?

Oppgåve 9

Drøft påstandane:

  1. Det indre salsmiljøet er viktigare enn det ytre salsmiljøet.

  2. Alle butikkar bør nytte video som ein del av marknadsføringa i kommunikasjonskanalane sine.

Oppgåve 10

Gøril driv firmaet Butikkutvikler.no AS, og ho fortel at ho pleier å starte med ein SWOT-analyse når ho skal i gang med å jobbe med ein kunde.

  1. Gjer greie for kva ein SWOT-analyse er. Du kan lese om dette i den relaterte artikkelen nedanfor som heiter "Situasjonsanalyse i praksis".

  2. Kvifor trur du ein SWOT-analyse er eit viktig verktøy for Gøril i arbeidet med butikkutvikling? Grunngi svaret.

  3. Set opp ein SWOT-analyse for Titt Inn Garn AS ut ifrå det du får vite og sjå i videoen, og ut ifrå informasjonen du finn på nett. Ta utgangspunkt i eigne føresetnader der det er nødvendig.

  4. Skriv eit samandrag av analysen. Ser du fleire forbetringspunkt enn dei butikkutviklar Gøril tek opp i videoen? Beskriv.

Relatert innhald

Situasjonsanalysen, òg kalla SWOT-analysen, analyserer interne styrkar og svakheiter og eksterne moglegheiter og truslar.

Kjelde

Ulleberg, P. (2019, 14. november). Nisjebutikkenes dag: Q&A med Gøril H. Florvaag. Shoplabs. https://shoplabs.no/butikkbloggen/nisjebutikkenes-dag-qa-med-goril-h-florvaag/

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2022

Læringsressursar

Salskanalar og salsmiljø