Hopp til innhald

Fagstoff

Val av kommunikasjonskanalar

Korleis kan du auke salet ved hjelp av god marknadskommunikasjon? Sosiale medium er éin av fleire kommunikasjonskanalar som bedrifter kan nytte. Kva andre kommunikasjonskanalar finst, og korleis vel bedrifter kommunikasjonskanalar?
Ung jente ser på ein mobil. Ho står framfor ein stor plakat med bilete av logoane til Snapchat, YouTube, Instagram mfl. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein kommunikasjonskanal?

Med kommunikasjonskanalar meiner vi den fysiske og tekniske måten å spreie ein bodskap på. Døme på kommunikasjonskanalar er telefon, aviser, magasin, brev, kinoreklame, tv, radio, e-post, sms, bannerannonsar og sosiale medium.

Kvar kommunikasjonskanal består av ulike medium. VG og Aftenposten er til dømes to medium i kommunikasjonskanalen aviser, mens Facebook og Twitter er to medium i kommunikasjonskanalen sosiale medium.

Kommunikasjonskanalar og medium

Etter at du har valt kommunikasjonskanal, må du velje kva medium du vil bruke. Viss du har valt bannerannonsar som ein av kommunikasjonskanalane dine, kan du til dømes bruke Google sitt reklameprogram ad-sense eller annonsenettverket til Schibsted.

Viss du vil bruke sosiale medium som kanal, må du vurdere om du skal bruke Facebook, Instagram, Twitter, YouTube eller eit av dei andre populære media som finst. Eller kanskje du vil kombinere, og bruke til dømes både Instagram og Facebook?

Ønskjer du å gi eit godt tilbod til alle eksisterande kundar ved å gi dei høve til å kjøpe ekstra minne til iPhone? Då kan det ofte vere effektivt å bruke ein kombinasjon av målretta medium, kalla mediemiks. I dette dømet set vi saman ein mediemiks som treffer dei eksisterande kundane.

Døme på mediemiks for å nå ut til eksisterande kundar

Ved å setje inn ein annonse i lokalavisa, kjøpe ein radiospot i nærradioen eller ein bannerannonse på vg.no treffer du både eksisterande og ikkje-eksisterande kundar. Det kan vere meir lønsamt og effektivt å satse på medium som berre treffer dei eksisterande kundane. Til dømes vil det vere meir lønsamt å velje ein mediemiks som består av

  • e-postmarknadsføring, der du sender eit gunstig tilbod til alle eksisterande kundar du har e-postadressa til, med ei lenkje til nettbutikken din
  • tekstmeldingar til alle kundane dine, som vil få eit gunstig tilbod om dei svarar på meldinga eller utfører ein annan aktivitet
  • posting av tilbodet på Facebook-sida og andre sosiale medium som hovudsakleg blir lesne av eksisterande kundar
  • butikkplakatar med informasjon til eksisterande kundar
  • opplæring av beteninga i butikken til å gi informasjon om dette tilbodet til alle eksisterande kundar (personleg sal)

Å velje kommunikasjonskanal handlar med andre ord ikkje om å velje eitt enkelt medium, men om å finne den beste kombinasjonen av medium og bruke dei på måtar som utnyttar deira sterke sider i ein mediemiks.

CC BY-SASkrive av Kjetil Sander.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2021

Læringsressursar

Salskanalar og salsmiljø