Hopp til innhald

Fagstoff

Fiskegryte

Å lage fiskegryte er ein måte å ta godt vare på alle næringsstoffa og smaksstoffa på, fordi fisken blir laga til i ein kjele saman med garnityret.
Ei tomatisert fiskesuppe med mellom anna blåskjel og tomat i ei kvit skål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst mange måtar å lage fiskegryter på, nokre er krema, andre er tomatiserte. Dei kan varierast med ulike krydder, grønsaker, fiskeslag og skaldyr. Her er nokre kjende klassikarar:

Bakalao

Bakalao er ei klippfiskgryte som stammar frå Portugal. Retten består av klippfisk, poteter, lauk, paprika og ein tomatisert saus. Klippfisk er salta og tørka kvit fisk, som oftast av torsk. Før tillaging må klippfisken vatnast ut i 1–2 døgn for å få riktig konsistens og passe saltsmak.

Framgangsmåte

  1. Del ferdig utvatna klippfisk i mindre bitar.
  2. Kutt poteter, lauk og paprika i skiver. Finhakk chili og kvitlauk.
  3. Fres lauken i olje eit par minutt, før du tilset chili og kvitløk. Ha på litt tomatpuré, og fres vidare eit par minutt. Tilset hakka tomatar, la koke nokre minutt og smak til med salt og pepar.
  4. Legg klippfisk, poteter, paprika og tomatsaus lagvis i ein bakke. Avslutt med tomatsaus på toppen. Dekk med lokk og bak retten i omnen til potetene er møre.
  5. Ha i svarte oliven før servering.
Ei kvit suppeskål med bakalao. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krema fiskegryte

Ei krema fiskegryte kan tilsetjast fløyte, crème fraîche eller kokosmjølk for å få ein krema smak og konsistens. Vi kan variere smaken på gryta ved å nytte ulike typar grønsaker, krydder, urter og fiskeslag.

Framgangsmåte

  1. Kutt fisk i store terningar, og finkutt grønsakene.
  2. Fres grønsakene i smør til dei byrjar å bli mjuke, tilset kvitvin og la han koke inn til det halve. Ha deretter i fiskekraft og fløyte (eller crème fraîche eller kokosmjølk) og kok inn litt til. Smak til med salt og pepar.
  3. Tilset fiskebitane i gryta, og la dei trekkje nokre minutt, så er gryta ferdig. Tilset gjerne nokon reker og litt finhakka urter over før servering.

Bouillabaisse

Denne tomatiserte fiskegryta kjem frå Frankrike. Ho inneheld som oftast fleire ulike fiskeslag og skaldyr og dessutan grønsaker.

Framgangsmåte

  1. Skjer skinn- og beinfri fisk i bitar, og gjer klare dei skaldyra du vil ha i. Til dømes dampe blåskjel, skrelle reker.
  2. Kutt grønsaker som gulrot, lauk og fennikel i terningar, og fres i litt olivenolje. Tilset tomatpuré og fres litt til.
  3. Tilset fiske- og/eller skaldyrkraft og krydder. La koke i ti minutt, tilset tomatar og fisk og la trekkje 7–8 minutt. Dei siste minutta tilset du skaldyra og lèt dei trekkje med til dei er varme.

Video

I denne videoen får du sjå korleis du kan lage ei fiskegryte basert på blåskjelkraft.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2021

Læringsressursar

Tillaging av fisk