Hopp til innhald

Fagstoff

Fritert fisk

Når vi friterer fisken, får vi herleg, sprø og gyllen fisk som knasar i munnen. Fish and chips og fiskepinnar er to kjende retter laga med fritert fisk.
Eit fiskestykke dyppa i frityrrøre blir fritert i varm olje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fritering vil seie at fisken blir steikt i varmt feitt. Du kan nytte ein elektrisk frityrkokar eller ei jerngryte. Det går òg an å fritere i ei steikjepanne med berre litt olje i, men då må du vende på fiskestykka for at dei skal bli steikte på begge sider.

Olje som eignar seg til frityrsteiking, er olje som toler høg temperatur og har ein nøytral smak, slik som raps- eller solsikkeolje.

Temperatur

Vi friterer på ein temperatur på rundt 180 gradar. For å teste om olja er passeleg varm, kan du stikke ei tresleiv ned i ho. Olja er varm nok viss det byrjar å bruse rundt skaftet.

Hugs at olja held ein høg temperatur og kan ta fyr, ha derfor alltid eit lokk tilgjengeleg for å sløkkje ein eventuell brann. Du må aldri kaste vatn på frityren, då vil han eksplodere.

Vi kan fritere fisk på fleire måtar

  • frityrrøre: Det finst fleire oppskrifter på frityrrører, men ofte blir dei laga på basis av kveitemjøl og/eller maisenna, stivpiska eggekvitar og ei væske som vatn med kolsyre, vatn eller øl. Dypp fiskebitane i røra og steik i frityren til dei er gylne og sprø.
  • panering: Å panere vil seie at fisken først blir vend i mjøl, så i egg og så i ein type panering, som kan vere brødrasp, pankomjøl, knust cornflakes, potetflakes eller nøttemjøl. Etter paneringa blir dei steikte gylne i frityren.
  • innbakt i deig: Vi kan pakka inn fisken i filodeig saman med grønsaker og krydder og steike han i frityren som til dømes vårrullar eller samosa.

Video

I denne videoen får du sjå korleis du kan fritere fisk med to ulike metodar.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 03.02.2021

Læringsressursar

Tillaging av fisk