Hopp til innhald

Fagstoff

Termostat

Termostaten er ein temperaturstyrt brytar som gjer at temperatur og inneklima held seg stabile.
Kvinne som betener eit digitalt panel på ein vegg der ein kan styre temperaturen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Termostaten


Dersom vi bruker termostatstyrte varmekjelder, vil innetemperaturen halde seg stabil uavhengig av utetemperaturen. Når termostaten er stilt inn på til dømes 20 °C, vil innetemperaturen stabilisere seg på det nivået. Ei varmekjelde utan termostat derimot vil bli ståande på heilt til nokon regulerer effekten. Dette kan gi ujamn eller for høg romtemperatur og dermed unødvendige energikostnader.

Kvaliteten på termostatar kan vere ujamn. Derfor blir det anbefalt å bruke elektroniske termostatar.

Ettermontering

Dei fleste oppvarmingskjeldene som er i sal i dag, blir leverte med termostatstyring. Det er ofte mogleg å ettermontere termostat på eldre oppvarmingskjelder, men ettermonteringa må då i dei fleste tilfella utførast av ein autorisert elektrikar. Kostnadene for ettermontering vil som regel vere innsparte i løpet av kort tid fordi straumutgiftene blir lågare.

Ein termostat med bimetall verkar på same måten som f.eks. eit motorvern. Bimetallet blir påverka av temperaturen og vil få termostaten til å slå ut når temperaturen går over ei viss grense. Når temperaturen søkk igjen, vil bimetallet rette seg ut og få termostaten til å slå inn.

Ein elektronisk termostat er meir presis og vil legge inn og ut med kortare intervall slik at temperatursvingingane ikkje blir så store. I elektroniske termostatar finst det ein temperaturavhengig motstand som påverkar brytaren.

Intern sensor eller golvfølar

Termostaten blir levert med innebygd eller ekstern romfølar eller med golvfølar. Termostat med golvfølar blir brukt der vi legg varmekabel som skal styrast med termostat.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2023

Læringsressursar

Varme og varmestyring