Hopp til innhald

Fagstoff

Veggmonterte panelomnar

Det er heilt vanleg med veggmonterte panelomnar i norske heimar. Dei fleste rom i ein bustad har gjerne ein eller fleire monterte.

Panelomn under to vindauge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I heimen monterer vi ofte panelomnar under vindauga, 10–15 cm over golvet. Det er to hovudgrunnar til at vi monterer dei der. Den første er for å motarbeide trekk frå vindauga. Med dagens krav til isolasjon har vi mindre trekk frå vindauga, men det er likevel vanleg å plassere omnane der. Den andre grunnen er at vi då unngår at rommet blir golvkaldt. Varme stig som kjent oppover, og golvet blir det kaldaste området i rommet. Derfor monterer vi omnane nære golvet. Med tanke på møblering kan det òg vere ein fordel å ha omnane monterte under vindauga.

Panelomnen må vere typegodkjend (CE-merkt). Du gjer òg lurt i å velje modellar frå kjende produsentar i den norske marknaden.

Sirkulasjon og omsyn til varmekjelder

Når vi monterer, må vi tenkje på varmesirkulasjonen i rommet. Ein omn må vere frittståande av fleire grunnar:

  • Det gir sirkulasjon av varmluft.
  • Det gir god brannsikkerheit.
  • Det hindrar at ting kan skade omnen.

Ein omn som står fritt, fordeler varmen langt betre enn ein som er dekt til. Når vi monterer, vurderer vi kvar omnen kan gi best sirkulasjon i rommet. Dette er med på å senke straumforbruket, som igjen gir lågare straumrekning og sparer miljøet. I store rom kan det vere betre med fleire små enn få store varmeomnar. Dette er med på å skape meir sirkulasjon av varme i rommet, og vi unngår å ha éin veldig varm omn folk kan brenne seg på.

I ein el-installasjon er det viktig at vi monterer stikkontaktar ved vindauge og i andre område der det er naturleg å setje opp varmeomnar. Årsaka til dette er at det er knytt brannfare til å bruke skøyteleidningar til straumkrevjande omnar. Det er naturleg at elektrikaren utfører dette i samråd med bustadeigaren og eventuelt dei som bur der.

Varmeregulering

Dei aller fleste panelomnane som blir selde i dag, har ei form for termostat. Jobben til denne termostaten er å skru omnen av og på for å halde den valde temperaturen.

En kvinne justerer varmen på en veggmontert berøringsskjerm. Foto.

I samband med utviklinga av smarthus har det kome fleire termostatar som kommuniserer trådlaust med ei sentraleining som justerer temperaturen i heile huset. Panelomnen kommuniserer via det trådlause nettet og justerer seg etter valde parametrar i sentraleininga. Panelomnprodusentane har slengt seg på denne bølgja, og stadig fleire slike modellar blir tilgjengelege på marknaden. Med denne løysinga får du full kontroll over temperaturen med smarttelefonen. Du kan òg justere temperaturen i ulike soner, og du kan redusere temperaturen om natta og når du ikkje er heime.

Veggmontert omn på våtrom

Eit vanleg bad er delt inn i 4 soner:

  • sone 0: innvendig i dusjen og oppe i badekaret
  • sone 1: frå kanten av sone 0 og 225 cm over golvnivå
  • sone 2: 60 cm ut frå sone 0 og 1, på golv og veggar
  • sone 3: 240 cm ut frå sone 0 og 1

Ein omn med grad IP24 kan monterast i sone 2 og 3. Denne omnen må stå fast og vere installert av ein autorisert elektrikar.

Her er lenkjer til 3 kjende panelomnprodusentar:

ADAX

Mill

NOBØ

CC BY-SASkrive av Dag Olav Lereim.
Sist fagleg oppdatert 04.09.2020

Læringsressursar

Varme og varmestyring