Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Kan du feilsøkje på varmeomn?

I denne oppgåva skal du gjere nokre målingar på den elektriske installasjonen du har montert. Du skal utføre straummåling, spenningsmåling, resistansmåling og effektmåling. I samband med oppkoplinga i dette læringsoppdraget, oppstår det ein del feil.
Måling med multimeter på printkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsforklaring 1

Du har kopla opp ein reflektoromn. Det står stempla på omnen at han har 500 W som full effekt. Du har òg funne ut at omnen har to like element. Spenninga er 230 V.

  1. Når du startar omnen, verkar han ikkje slik han skal. Du måler 212Ω både i trinn 2 og 3. I trinn 1 måler du uendeleg ohm. Kva kan vere feil her?
  2. Kva straumverdi måler du i dette tilfellet i dei forskjellige trinna?
  3. Dersom omnen hadde vore i orden, kva straumverdiar skulle du då ha målt i dei forskjellige trinna?

Situasjonsforklaring 2

Etter at du har kopla opp ein stråleomn på 600 W, viser det seg at det er brot i det eine elementet. Omnen har to ulike element, og du bruker reguleringsvendar 29 på denne. Spenninga er 230 V. I trinn 1 gir omnen litt varme, og du måler ein straum på 0,87 A.

  1. Kor stort er det minste og det største elementet i denne omnen (i watt)?
  2. Kor stor blir straumen i trinn 2?
  3. Kva skulle motstanden og straumen blitt i trinn 3 dersom omnen hadde vore i orden?
CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2018

Læringsressursar

Varme og varmestyring