Hopp til innhald

Fagstoff

Montering av termostat

Når ein skal montere termostat i ein bustad, er det eit par ting ein må ta omsyn til. Skal ein montere termostat med golvfølar eller romfølar?
Nærbilete av ein finger som stiller inn ein termostat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Termostat med golvfølar

I dag installerer huseigarar veldig ofte skjult varme. Når vi legg varmekabel, vel vi som oftast termostat med golvfølar. Når vi vel dette, ligg følaren skjult i golvet mellom sløyfene til varmekabelen og reagerer raskare på temperaturforandring enn ein termostat med romfølar. Sjølve styringseininga blir plassert som ein vanleg lysbrytar, altså ved ei dør og ca. 1,1 meter over golvet, i tråd med Norsk Standard. Det må leggjast eit eige røyr ut på golvet til følaren. Dette røyret bør helst ikkje byggjast så mykje over sjølve varmekabelen (om vi bruker tyntflytande termomasse). Tett røyret i enden med til dømes elektrikarteip og fest det godt til underlaget. Følaren må plasserast midt mellom to sløyfar, og røyret med følaren bør helst ikkje krysse varmekabelen.

Termostat med romfølar

Termostat med romfølar blir ofte installert der kunden vil regulere varmen i eitt eller fleire rom. Ofte regulerer då éin termostat fleire varmekjelder. Termostaten har i dette tilfellet følaren innebygd i sjølve styringseininga. Når vi skal plassere ein termostat av denne typen, må vi derfor ta omsyn til kvar vi føler varmen, og kvar den mest «stabile» plassen i rommet er. Vi kan altså ikkje plassere ein termostat med innebygd følar på 1,1 meter inntil lista ved ei dør. Då vil termostaten bli påverka av trekk og kulde frå andre omgivnader enn det rommet han er sett til å styre. Ein termostat med romfølar plasserer vi derfor på ca. 1,7 meter (i ansiktshøgd) sentrert i rommet.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Varme og varmestyring