Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Reguleringsvendar reflektoromn

Sjølv om reguleringsvendaren ikkje er så mykje i bruk lenger, er det likevel lurt å vite korleis han fungerer i praksis. Her er to praktiske oppgåver.

Oppgåve 1. Installasjon av reflektoromn

Reguleringsvendar nr. 9

  1. Forklar med eigne ord korleis reguleringsvendar nr. 9 koplar varmeelementa i dei ulike koplingane (0, 1, 2, 3).
  2. Kontroller varmen i kvart trinn. Mål så spenning, straum og resistans i kvart trinn, og før det inn i skjemaet.
  3. Berekn effekten ut frå måleverdiane for spenning og straum.
  4. Berekn resistansen ut frå måleverdiane for spenning og straum.
  5. Ta med avvik og kommenter dei.

Alle målingar skal førast i tabell.

Filer

Oppgåve 2. Måling av effekt på reflektoromn

I denne oppgåva skal du gjennomføre effektmåling på reflektoromnen. Effekten skal målast i alle trinn.

Målingane skal gjerast med dei instrumenta som vi har på skulen. Det vil seie

  • analogt wattmeter
  • elektronisk wattmeter
  • universalinstrumentet nanovipp

Samanlikn effektmålinga med berekningane i oppgåve 1.

Alle målingar skal førast i tabell. Skriv ned avvik, og forklar dei i konklusjonen.

Filer

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2018

Læringsressursar

Varme og varmestyring