Hopp til innhald

Fagstoff

Varmekjelder

Her skal vi ta for oss dei mest brukte elektriske varmekjeldene i ein bustad. Bruksområde, installasjon og verkemåte blir omtalt.
Bustad dekt av snø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elektrisk oppvarming

  • har låge investeringskostnader
  • er enkel å installere, også i etterkant
  • passar alle delar av ein bustad
  • er effektiv
  • er tilnærma vedlikehaldsfri
  • er miljøvennleg
  • er enkel å tilpasse
  • har nøyaktige og raske reguleringssystem som reduserer straumforbruk og gir auka komfort
  • gjer det enkelt å senke temperaturnivået, til dømes om natta, for å spare straumutgifter

Varmekjelder

Vi har mange typar varmekjelder. Nokre eignar seg til romoppvarming, andre til frostsikring, terrassevarmar og så vidare. Vi går ikkje inn på alle desse varmekjeldene her, men vi tek for oss dei mest brukte i bustader i dag.

Veggmontert varmeomn

Det finst mange typar veggmonterte varmeomnar. Her tek vi for oss gjennomstrøymingsomnen. Denne varmekjelda er nok den mest utbreidde, mest tenelege og enkle varmekjelda vi har.

Omnen blir brukt til romoppvarming i bustader. Denne omnstypen blir vanlegvis plassert under eit vindauge for å motverke trekken frå vindauget. Du bør då velje ein omn som er tilpassa breidda på vindauget. Enkelt forklart verkar denne omnen på den måten at kald luft stig gjennom varmeelementet og blir oppvarma. Den varme luftstraumen stig opp og hindrar mellom anna kaldraset frå vindauget.

Dei aller fleste varmeomnane av denne typen blir kopla til det elektriske anlegget med kabel og støpsel. Det er derfor vanleg at elektrikaren installerer stikkontakt i nærleiken av vindauget i dei forskjellige romma.

Varmekabel

Varmekabel blir nytta til mange forskjellige formål, som til dømes oppvarming av bustad, frostsikring og snøsmelting. Her konsentrerer vi oss om oppvarming av bustad. Det finst varmekabelmatter, varmekabel integrert i parkett og så vidare. Her tek vi for oss den tradisjonelle varmekabelen som du kan kjøpe i ferdige element eller i metervare.

Varmekabel

  • gir komfortabel oppvarming
  • er driftssikker
  • er vedlikehaldsfri
  • gjer at bustaden aukar i verdi
  • gir jamn varmefordeling
  • eignar seg i dei fleste rom og for dei fleste golv
  • gir høg grad av brann- og el-tryggleik
  • er usynleg
  • gir betre plass samanlikna med veggmontert varme

Varmekabel, og installasjon av denne, blir kalla skjult varme. Når vi installerer slik skjult varme, må vi rette oss etter forskrifter og normer.

Stråleomn

Denne typen varmekjelde er ikkje så vanleg i nyinstallasjonar i dag. Som elektrikar kan ein likevel kome borti denne typen varmekjelde, og vi bør derfor ha kunnskap om dei.

Ein reflektoromn består som regel av to varmeelement. Desse blir vanlegvis styrte av ein reguleringsbrytar. Reguleringsbrytaren kan vere montert på sjølve omnen eller blir montert som ein brytar til omnen. Varmeelementa blir styrte i tre trinn. Reflektoromnen kan bestå av to like eller to ulike varmeelement.

Like element:

  • Trinn 1: minst effekt og størst motstand, seriekopling
  • Trinn 2: dobbel effekt, halvparten av motstanden i forhold til trinn 1, berre eitt element inne
  • Trinn 3: maks effekt, minst motstand – igjen ei fordobling i forhold til trinn 2, parallellkopling

Reguleringsvendar nr. 9 er berekna å styre to like varmeelement.

Ulike element:

  • Trinn 1: minst effekt og størst motstand, det minste elementet inne
  • Trinn 2: dobbel effekt, halvparten av motstanden i forhold til trinn 1, det største elementet inne
  • Trinn 3: maks effekt, minst motstand – igjen ei fordobling i forhold til trinn 2, parallellkopling

Reguleringsvender nr. 29 er berekna for å styre to ulike varmeelement.

Ein reflektoromn/stråleomn blir som regel installert på bad, og vi må ta omsyn til den høge overflatetemperaturen når vi skal installere denne.

Det er ikkje særleg god økonomi å styre varmen med ein reguleringsvendar. Derfor blir det i dag installert varmekjelder som er styrt av termostat.

Varmepumpe

Knapt noko varmekjelde har hatt slik salsauke som varmepumpa. I dei seinare åra har derfor stadig fleire huseigarar installert denne varmekjelda i bustaden sin.

Bakgrunnen er nok at varmepumpa er lett å installere, både i nye og gamle hus. Teknologien i ei varmepumpe dannar luft med låg temperatur om til luft med høgare temperatur ved hjelp av trykk og gass/væske.

Denne teknologien verkar slik at ei varmepumpe bruker mindre energi enn ei "vanleg" varmekjelde. Dette fører til lågare straumrekning, og vi tek betre vare på miljøet. Ei varmepumpe blir styrt av ein termostat.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2018

Læringsressursar

Varme og varmestyring