Hopp til innhald

Fagstoff

Varmeberekning

Framgangsmåte for varmeberekning av eit rom i ein bustad.
Hus med store vindauge og mykje snø på taket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle bustader treng ei form for varmekjelde for å halde eller oppnå ein behageleg innetemperatur. Sjølv om dagens bustader blir stadig betre isolerte, har vi framleis stort varmetap gjennom veggar, dører og vindauge.

Varmeberekning av ulike rom tek omsyn til fleire faktorar:

  • kvar bustaden ligg (geografisk)
  • kor ny/gammal bustaden er
  • kor mange ytterveggar bustaden har
  • vindaugsflater/kaldloft/bakkekontakt
  • typen rom / bruken av rom

Som ein tommelfingerregel seier vi at varmebehovet i eit opphaldsrom i ein bustad bør vere 60 til 80 W/m2. Har du eit nytt, godt isolert hus, kan du gå under denne grensa. Har du eit gammalt hus i Finnmark med mange vindauge, bør du kanskje gå over denne grensa. Kva varmekjelde du vel, blir akkurat det same her.

Arealutrekning og målestokk

Målestokken på ei planteikning fortel oss om forholdet mellom lengdene/avstandane på teikninga og lengdene/avstandane i verkelegheita. Alle planteikningar har ein oppgitt målestokk, ofte 1 : 50 eller 1 : 100. I desse tilfella svarer 1 cm på arket til høvesvis 50 cm og 100 cm (1 m) i verkelegheita. Når du skal rekne ut arealet på eit rom, må du først gjere om til reelle mål.

Eksempel 1

Varmeberekning av SOV 1

Planteikning i målestokken 1 : 50. illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målestokken på teikninga er oppgitt til 1 : 50. Eg måler langveggen til 6 cm og kortveggen til 4 cm (avhengig av oppløysinga og storleiken på skjermen). Langveggen er då 3 m, og kortveggen er 2 m. Arealet blir 3·2 = 6 m2.

Informasjon: Frittståande hus oppført i 1966, ikkje etterisolert, ligg i Moss. Huset har kaldt loft og er ikkje godt isolert frå bakken. På grunn av desse forholda vel eg her 80 W/m2.

Eksempel 2

Varmebehov i SOV 1: 80 W/m2· 6 m2= 480 W

Planteikning i målestokken 1 : 50. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målestokken på teikninga er oppgitt til 1 : 50. Eg måler langveggen til 6 cm og kortveggen til 4 cm (avhengig av oppløysinga og storleiken på skjermen). Langveggen er då 3 m, og kortveggen er 2 m. Arealet blir 3·2 = 6 m2.

Informasjon: Blokkleilegheit oppført i 2006, ligg i Moss. Leilegheita er i midtseksjonen i tredje etasje (av fem). I dette tilfellet har leilegheita berre to ytterveggar. Bueininga får her varme frå både høgre og venstre, og dessutan frå under og over. Varmebehovet blir derfor betrakteleg mindre enn i eksempel 1. På grunn av desse forholda vel eg 50 W/m2.

Varmebehov i SOV 1:

50 W/m2·6m2= 300 W

Varmebehovet på eit bad blir sett til ca. 100 W/m2 (tommelfingerregel). Du bør kanskje auke denne verdien litt i eksempel 1, og minske han litt i eksempel 2.

Når du har varmeberekna eit rom, vel du ei eigna varmekjelde og vel rett storleik på kjelda frå ein leverandørkatalog.

Relatert innhald

Nettside hos solarnorge.no

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 17.07.2017

Læringsressursar

Varme og varmestyring