Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

NRK, mediemangfald og offentlegheita

Mediemangfald er viktig for ei velfungerande offentlegheit. Korleis bidreg allmennkringkastaren NRK til mediemangfaldet i Noreg, og korleis påverkar dette offentlegheita?
Foto av ein mann og tre unge kvinner med minoritetsbakgrunn. Alle fire held kvar sin blomsterbukett etter å ha fått ein pris.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Set deg inn i fagstoff

a) Les ein fagtekst.

Set deg inn i fagteksten "Norsk mediestruktur og mediemangfald".

b) Forklar eit fagomgrep skriftleg.

er eit viktig prinsipp for ei velfungerande . Skriv ein kort tekst der du med dine eigne ord forklarer kva mediemangfald handlar om.

c) Forklar fagomgrep munnleg.

Når vi snakkar om mediemangfald, skil vi mellom desse omgrepa:

  • bruksmangfald

Forklar dei tre omgrepa munnleg for ein medelev.

Oppgåve 2: Studer ein rapport og svar på spørsmål

NRKs bidrag til mediemangfaldet

Programleiarane Gry Blekastad Almås og Jon Gelius i NRKs nyheitsstudio. I biletet er det fleire kamera og lys og ein skjerm med info om direktesending, og i bakgrunnen ser vi vêrkartet i ein annan del av tv-studioet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennom sitt skal NRK sikre eit mangfaldig og kvalitativt godt tilbod som er tilgjengeleg for heile befolkninga. Du skal no sjå nærare på korleis NRK bidreg til mediemangfaldet i Noreg.

a) Studer denne rapporten frå Medietilsynet:

NRKs bidrag til mediemangfoldet

b) Svar på desse spørsmåla:

  • Kva er hovudkonklusjonen i rapporten?

  • Korleis beskriv rapporten NRKs bidrag når det gjeld innhaldsmangfald?

  • Korleis beskriv rapporten NRKs bidrag når det gjeld bruksmangfald?

Oppgåve 3: Oppsummering og refleksjon

Gå saman i grupper og diskuter desse spørsmåla:

  • På kva måte kan NRKs bidrag til mediemangfald styrkje offentlegheita i Noreg?

  • Korleis kan NRK motverke i den offentlege debatten?

  • Korleis kan NRK bidra til å motverke ein ekkokammereffekt i samfunnet?


Relatert innhald






CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2021

Læringsressursar

Offentlegheit og media si makt