Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Offentleg innsynsrett for journalistar

Offentleg innsyn skal legge til rette for ei open offentleg verksemd. Det kan styrke tilliten til styresmaktene og føre til at fleire deltek i den offentlege debatten. Korleis går journalistar fram for å få innsyn? Sjå ein video med tips frå Norsk Presseforbund.
Illustrasjon av ei velkledd kvinne som står ved ein talarstol under lyset frå ein lyskastar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva handlar offentleg innsyn om?

skal legge til rette for ei open og gjennomsiktig offentleg verksemd. Det skal med andre ord gi oss innsyn i kva politikarane og forvaltninga til kvar tid arbeider med.

Prinsippet om offentleg innsyn er grunnlovfesta. Hovudregelen er at alle kan krevje innsyn i saksdokument og journalar i offentleg verksemd.

Oppgåve 1

Sjå videoen frå Norsk Presseforbund og/eller les samandraget under videoen, og svar deretter på spørsmåla.

Innhaldssamandrag

Vegard Venli, ein av dei fremste innsynsjournalistane i Noreg, og Sindre Granly Meldalen, jurist i Norsk Presseforbund, snakkar om offentleglova. Dei presenterer fire døme på mediesaker der journalistane har brukt offentleg tilgjengelege dokument som informasjonskjelder.

Kvifor be om innsyn?

Vegard Venli nemner to grunnar til at det er viktig å bruke tid på å lese denne typen dokument:

  1. Eit noko "egoistisk" argument: Det å be om innsyn gir heilt enkelt veldig mange gode saker. Dette er ein stor fordel for ein journalist, same om ein jobbar i ei større avis eller i ei lokalavis.

  2. Eit etisk argument: Journalistar har eit ansvar for å informere om det som skjer i samfunnet og for å avsløre kritikkverdige forhold. Innsyn i dokument hjelper dei å gjere denne jobben.

Å bruke dokument ein har fått innsyn i, gir eit anna utgangspunkt for arbeidet med ei sak enn å gå på pressekonferansar eller intervjue personar og så rapportere det som vart sagt. Viss ein startar med å lese dokument, ser ein kva som faktisk er dokumentert i saka allereie før ein stillar spørsmål i eit intervju.

Korleis be om innsyn?

Strengt teke skal det vere tilstrekkeleg å spørje, det vil seie be om innsyn med heimel i offentleglova. I enkelte tilfelle kan opplysningar i dokument sladdast, men det gjeld berre personsensitive og teiepliktige opplysningar. Alt anna skal ein som hovudregel få innsyn i.

Døme 1: Importsmitte under koronapandemien

Aftenposten laga i desember 2020 ei omfattande sak om importsmitte. Denne smitten var ei viktig årsak til den andre koronabølgja i Noreg. Noreg var nedstengt elles, men utanlandske arbeidstakarar fekk reise inn og ut, og arbeide i karantenetida. Journalistane undersøkte kvifor regjeringa vedtok dette unntaket frå karantenereglane til tross for at helsestyresmaktene hadde åtvara mot å gjere unntak. Kjeldene journalistane brukte, var

  • ei SMS-utveksling mellom statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet og Knut Erling Sunde, ein av Noregs mektigaste industrilobbyistar

  • innsyn i mobiltrafikk- og flytrafikkdata for å få fakta om talet på polakkar og litauarar som oppheldt seg i Noreg hausten 2020

  • offisielle smittetal i perioden for Noreg, Polen og Litauen

Aftenpostens artikkel om importsmitte

Døme 2: Kvifor langt færre bekymringsmeldingar?

Talet på bekymringsmeldingar frå helsesjukepleiarane i skulehelsetenesta og på helsestasjonane vart nesten halvert då regjeringa i mars 2020 sette helsesjukepleiarane til å drive smittevernarbeid. Spørsmålet journalistane då stilte seg, var: Er det sannsynleg at utsette barn og unge plutseleg fekk færre problem, eller er det meir sannsynleg at mange problem ikkje vart fanga opp og registrerte fordi helsesjukepleiarane ikkje var til stades for å hjelpe?

Her fekk journalistane mellom anna innsyn i bekymringsmeldingar for perioden 1. mars til 1. mai 2020.

Døme 3: Omfattande brot på arbeidsmiljølova i Oslo kommune, ein av dei største arbeidsgivarane i landet

For å avdekke kor mange brot på arbeidsmiljølova det faktisk var snakk om, bad journalistane om innsyn hos kommunen. Dei spurde kvar enkelt etat om talet på rapporterte brot. Medieoppslaga resulterte i at forholda vart granska av Arbeidstilsynet og av kontrollutvalet i kommunen. I tillegg bestilte byrådsleiaren i Oslo ei eiga undersøking.

Døme 4: Sladding av opplysningar som ikkje var teiepliktige

Ein journalist i avisa Nidaros skulle undersøke ei klagesak frå ein familie i Trondheim. Saka gjaldt skulemiljøforhold.

Journalisten fekk innsyn i dokument hos Statsforvaltaren i Trøndelag, men det viste seg at mykje av teksten var sladda. Då journalisten fekk sett dokumenta i originalversjon, utan sladding, oppdaga han at dei som hadde gått gjennom dokumenta før utlevering, ikkje berre hadde sladda teiepliktige opplysningar, men også kritikk frå klagarane mot saksbehandlinga og mot Statsforvaltaren. Dette var ikkje opplysningar som fell inn under teieplikta.

Avsløringa førte til at det vart teke grep for å betre rutinane og sikre at ikkje anna enn det lova tilseier, blir sladda i dokument som nokon vil ha innsyn i.

Spørsmål

Jobb gjerne saman i mindre grupper, og ta notat.


  1. Journalistar er dei hyppigaste brukarane av retten til offentleg innsyn. Kvifor er det viktig at journalistar har ein lovfesta rett til offentleg innsyn?

  2. Korleis kan ein journalist gå fram for å få innsyn i offentlege dokument?

  3. På kva måte kan offentleglova hindre maktmisbruk og urett?

  4. På kva måte kan offentleg innsyn styrke tilliten til styresmaktene og føre til at fleire deltek i den offentlege debatten?

  5. Videoen frå Norsk Presseforbund set søkelyset på fleire saker som er baserte på at journalisten har fått innsyn. (Sakene er òg omtalte i samandraget). Ta for dykk éi av desse sakene og finn ut:

  • Kva handlar saka om?

  • Kvifor var det viktig at det vart sett offentleg søkelys på denne saka?

Oppgåve 2

Offentleglova inneheld òg føresegner om unntak frå retten til innsyn. Les om unntak frå innsynsretten på nettsidene til Lovdata: offentleglova §§ 13 til 27

  1. Lag ei punktliste der du presenterer dei viktigaste unntaka.

  2. Mange gode journalistiske saker ligg i skjeringspunktet mellom offentleglova og unntak frå innsynsretten – kvifor det, trur du?


Fordjuping

Vil du lære meir om innsynsrett for journalistar? Sindre Granly Meldalen og Vegard Venli har laga fleire videoar om temaet. Du finn dei på nettsidene til Norsk Presseforbund.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 22.12.2021

Læringsressursar

Offentlegheit og media si makt