Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Informasjonskrigen om Ukraina

Dei store internasjonale nyheitskanalane har rapportert hyppig frå krigen i Ukraina i 2022. Du skal no studere korleis konflikten har blitt skildra, sett frå Russland, Storbritannia, Kina og Midtausten.
Ei såra, høggravid kvinne blir boren på båre av ei gruppe menn. Nokre av mennene har skotsikker vest, nokre har vanlege klede. I bakgrunnen står ei utbomba bygning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Nedanfor er fire nyheitsforteljingar om sivile lidingar i samband med den russiske invasjonen av Ukraina i 2022. Artiklane er skrivne på engelsk og henta frå fire store internasjonale nyheitskanalar.


Samanlikn desse fire nyheitsforteljingane når det gjeld

  1. kven det blir fortalt om, og kva historie som blir fortald

  2. og

  3. språkbruk

  4. fiendebilete

Oppgåve 2

Faktisk.no er ein uavhengig redaksjon for faktasjekk, som er eigd av VG, Dagbladet, NRK, TV 2, Polaris Media og Amedia. Faktisk.no har ei eiga elevteneste som heiter Tenk, der ungdom kan lære om kritisk mediebruk og .

Nedanfor finn du eit undervisningsopplegg om korleis du kan avsløre falsk informasjon under store internasjonale kriser. Gjennomfør denne øvinga gruppevis i klassen:

Elevopplegg, Tenk: Informasjonskrigen om Ukraina

Oppgåve 3

Skriv eit refleksjonsnotat om det du har lært om nyheitsformidling i krig etter å ha jobba med desse oppgåvene.

Relatert innhald

Internasjonal nyheitsformidling er i endring. Nye TV-kanalar, nettbaserte nyheitstenester og sosiale medium bidrar til eit meir nyansert nyheitsbilete.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022

Læringsressursar

Offentlegheit og media si makt