Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: mediemakt og lokaldemokrati

I denne oppgåva skal de lage ein podkast der de skal utforske og reflektere over media si makt i lokaldemokratiet. Samtidig får de øvd dykk på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve.
Fire elevar lagar podkast i lydstudio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med denne oppgåva er

  • å utforske kva makt media har i saker som gjeld lokalmiljøet dykkar

  • å presentere oppfatninga ulike aktørar har av dette spørsmålet saman med eigne refleksjonar i ein podkast der målgruppa er unge lyttarar

  • å kunne reflektere over det aktørane seier ut frå den kunnskapen de har om media som aktør og arena i den offentlege samtalen

  • å øve på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve

Arbeidsoppdrag

Organisering, sjangerforståing og tekniske ferdigheiter

Dette oppdraget bør løysast i grupper. Det bør vere fire elevar på kvar gruppe.

De må kunne bruke lydopptakarfunksjonen på mobiltelefonen og meistre eit enkelt lydredigeringsprogram. De må òg vite kva som kjenneteiknar sjangeren .

Research

Utforsk kva saker som har fått stor merksemd i lokale eller regionale nettaviser på heimstaden dykkar det siste året. Vel ei sak som både politikarar og lokalbefolkninga har vore opptekne av. Set deg godt inn i avisdekninga av saka og dessutan i debatt- og lesarinnlegg som har med saka å gjere.

Intervju sentrale aktørar

Set dykk først inn i korleis de gjennomfører eit intervju med ei munnleg kjelde.

Relatert innhald

Intervju med ei munnleg kjelde. Kva skal du tenkje på før, under og etter eit intervju for å få sikre deg at du får informasjonen du er ute etter?

Om lydopptak med handhalden lydopptakar, mobil og videokamera.

Ta deretter kontakt med fire sentrale aktørar og gjennomfør eit intervju (kvar gruppemedlem intervjuar ein person):

  • ein redaktør/redaksjonsansvarleg eller ein politikar/aksjonist som har sørgt for at saka vart sett på dagsordenen

  • ein journalist som har dekt saka

  • ein politikar som har delteke i debatt om saka

  • ein innbyggjar som har ytra seg om saka i sosiale medium

I intervjuet skal de leggje vekt på kven dei ulike aktørane meiner set saka på dagsordenen, korleis det skjedde, korleis dei opplevde mediedekninga av saka, kva som vart resultatet av mediedekninga, og kva dei tenkjer om rolla som redaksjonelle og sosiale medium speler i den offentlege debatten.

Reflekter saman

Gruppa lyttar saman gjennom det aktørane seier i intervjua og vel ut det som skal vere med i podkasten. Deretter utformar de eit stikkordmanus for ein samtale de fire skal ha i podkasten rundt det aktørane seier.

I samtalen skal de òg trekkje inn det de sjølve veit om media som aktør og arena, og de skal bruke mediefaglege omgrep.

Gjer deretter opptak av samtalen.

Rediger og presenter podkasten

Rediger saman intervju og samtalar til ein samanhengande podkast.

  • Hugs å ta omsyn til målgruppa!

  • Podkasten bør vere på maks ti minutt når han er ferdig redigert.

  • Spel av podkasten for nokon i målgruppa og be om tilbakemelding på form og innhald.

Relatert innhald

Ei kort innføring i lydredigering og eksport av lyd.

Eigenvurdering

Lag til slutt kvart dykkar individuelle refleksjonsnotat der de vurderer prosess og produkt.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2021

Læringsressursar

Offentlegheit og media si makt