Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

Hensikta med denne læringsstien er å hjelpe deg til å forstå kva makt er, korleis media og andre aktørar utøver makt, og til å reflektere over korleis media påverkar deg som individ og det samfunnet du lever i.

Når du har gjennomført denne læringsstien, skal du

  • kjenne til nokre samfunnsvitskaplege definisjonar på kva makt er, og korleis makt kan utøvast
  • forstå korleis media kan utøve makt i eit samfunn, og korleis media kan brukast av andre til å utøve makt
  • kunne reflektere over og drøfte ulike sider ved den makta redaksjonelle og sosiale medium har i Noreg i dag