Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Drøft mediemangfald og offentlegheit

Ei velfungerande offentlegheit er avhengig av eit mangfald av ulike medium. I denne oppgåva skal du lage eit drøftande videoinnlegg om mediemangfald og offentlegheit.
Journalistar og politikarar under ein pressekonferanse i Stortingets vandrehall. Pressa held god avstand mens politikarane presenterer ein krisepakke i samband med koronapandemien. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei velfungerande er avhengig av . Eit breitt utval av medium skal leggje til rette for utveksling av informasjon og synspunkt frå alle delar av samfunnet.

Arbeidsoppdrag

Produser eit videoinnlegg der du drøftar denne problemstillinga:

Ei velfungerande offentlegheit er avhengig av eit mangfald av ulike medium.

Du vel sjølv målgruppe og publiseringskanal for videoen. Du kan bruke videoopptak av deg sjølv der du får fram ulike sider ved problemstillinga, eller du kan velje å gjere opptak saman med andre og på den måten få fram ulike sider og argument. Videoen skal vere 5–7 minutt lang.

Gode tips

  1. Gjer om temaet. Les dei relaterte fagartiklane nedanfor. Finn også informasjon frå andre gode kjelder.

  2. Medieproduktet skal vere drøftande og informativt, og problemstillinga skal gå som ein raud tråd gjennom heile innslaget.

  3. Finn relevante og konkrete døme som belyser problemstillinga.

  4. Bruk og forklar viktige fagomgrep!

  5. I medieproduktet må du vise til relevante kjelder. Kjelder kan til dømes vere videoklipp, lydklipp eller skriftlege kjelder. Hugs å avklare rettar dersom du skal bruke andre sine bilete eller video- og lydopptak.

  6. Teknikk: Ver bevisst på lydbruk, biletutsnitt og lysbruk.

  7. Ver bevisst på oppbygningen av videoen:

    • Innleiinga skal introdusere problemstillinga og vekkje interessa til mottakarane.

    • Hovuddelen skal belyse og drøfte ulike sider ved problemstillinga.

    • I avslutninga skal du samanfatte og samle trådane frå drøftinga.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021

Læringsressursar

Offentlegheit og media si makt