Hopp til innhald

Fagstoff

Redaksjonelle medium som aktør og arena

Redaksjonelle medium er både ein arena for debatt og informasjon og ein mektig aktør som kan setje saker på den politiske dagsordenen.

Media som arena

Samfunnsrolla til media er å sørgje for at borgarane i samfunnet – altså deg og meg og alle – får den informasjonen vi treng for å kunne ta gode, gjennomtenkte avgjerder, til dømes når vi skal stemme ved kommune- eller stortingsval. Ein måte pressa kan gjere dette på, er å la folk kome til orde med synspunkta sine, altså å vere ein arena for informasjon og samfunnsdebatt.

La oss illustrere med eit døme: På den lokale sjukeheimen ditt er det kanskje ikkje nok ressursar til at dei gamle får kome seg opp av senga før klokka fire på ettermiddagen. Ei fortvilt dotter ønskjer å setje saka på dagsordenen. Ho kan skrive eit debattinnlegg i avisa, der ho ber om svar frå politikarane.

Redaksjonen kan òg la dottera kome til orde gjennom eit intervju og deretter be om ei utsegn frå politikarane som har ansvar for at situasjonen er slik. Ein slik uttale er i tråd med tilsvarsretten, altså at den som får kritikk, har rett til å svare. Tilsvarsretten er òg interessant fordi offentlegheita har nytte av å høyre fleire sider av saka.

Tenkjepause

Viss du var journalist, korleis ville du ha vinkla ei slik sak?

Media som aktør

Når media legg forholda til rette, er media òg ein aktør – og ein aktør med makt. Det er media som avgjer kva som er viktig og uviktig, om fleire bør kontaktast i saka, om ho bør undersøkjast meir eller leggjast bort. Jo meir journalistane grev i ei sak, og jo meir motstand dei møter frå folk som ikkje vil at saka skal fram i lyset, jo sterkare blir rolla som aktør. Då står den eine maktaktøren i samfunnet mot den andre.

I nokre tilfelle kan journalistane vere så ivrige at dei kan bli skulda for å drive kampanjejournalistikk, fordi dei held fram med å skrive om saka med berre éi vinkling. Då får ein diskusjonen om media skal bruke makta si til å engasjere seg i ei sak og bidra til at ho blir sett på dagsordenen i samfunnsdebatten, eller om dei berre skal vere ein objektiv observatør som nøytralt belyser fleire sider av ei sak.

Kjell Ingolf Ropstad blir intervjua av mange journalistar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framstillingsmakta til journalistikken

Nyheitskriterium er eit verktøy for praktisk journalistikk. Nyheiter som har sterke element av aktualitet, konflikt og nærleik, og som handlar om elitepersonar eller elitenasjonar, har større moglegheit for å få journalistisk omtale enn saker som ikkje oppfyller desse kriteria.

På same måte vil saker som omhandlar enkeltpersonar og mykje kjensler, og som handlar om at den vesle mannen kjempar mot systemet, ha større moglegheit for å bli omtalt enn saker som ikkje har desse elementa.

Tenkjepause

Viss du var journalist, kven ville du ha kontakta for ein kommentar i sjukeheimssaka?

Makta til å framstille verda på denne typisk journalistiske måten, kallar vi for journalistikken si framstillingsmakt. Som lyttarar, sjåarar og lesarar må vi alltid vurdere kritisk den informasjonen vi får gjennom journalistikken. Kvifor har journalisten valt akkurat denne vinklinga? Kunne journalisten ha intervjua andre kjelder som hadde andre opplysningar? Kva er utelate i saka slik ho blir framstilt?

Globale maktstrukturar

Det er ikkje alltid situasjonen er like oversiktleg som når den lokale journalisten prøver å finne ut av kvifor tilbodet på pleieheimen på staden er dårleg. Når ein til dømes prøver å finne ut av korleis pengar flyttar seg i ein global verdsøkonomi, kan det krevje veldig mykje arbeid å finne ut av korleis ting heng saman. I slike store saker samarbeider gjerne fleire mediehus.

Våren 2016 fekk vi eit døme på eit slikt samarbeid i avsløringa av det som vart omtalt som Panama-papira. I Noreg var det Aftenposten som deltok i det internasjonale samarbeidet. Det involverte 376 journalistar som gjekk gjennom 11 millionar dokument. Målet var å avsløre korleis ulike internasjonale bankar og advokatfirma selde hemmeleghald til politikarar, kriminelle, milliardærar, idrettsstjerner og vanlege folk som ønskte å plassere pengane sine slik at dei ikkje var nøydde til å betale skatt.

Den islandske statsministeren Sigmundur Davíð Gunnlaugsson omgitt av pressefolk mens han prøver å gå inn i ein svart bil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg kom det fram at DNB-kontoret i Luxemburg hjelpte norske kundar med å skjule pengane, mens dei fotballinteresserte kunne lese at fotballspelaren Messi òg prøvde å skjule formuen sin då han vart bedrageritiltalt av spanske styresmakter.

Det internasjonale samarbeidet mellom 600 gravejournalistar har vist seg å vere ein suksess. Hausten 2021 kom nye avsløringar som viste at 35 noverande og tidlegare statsleiarar, meir enn 300 politikarar og offentlege tenestemenn og 130 dollarmilliardærar har plassert pengar eller drive forretningsverksemd i såkalla skatteparadis. Blant dei som vart avslørte, var kong Abdullah II av Jordan, presidentane i Ukraina, Kenya og Ecuador og den tsjekkiske statsministeren Andrej Babiš.

Tenkjepause

Viss du var journalist, korleis ville du ha byrja å leite for å undersøkje om nokon held tilbake informasjon?

Kven har makt i eit samfunn?

Historia om Panama-papira fortel oss at det sjølvsagt ikkje er slik at det berre er styresmakter som har makt i eit samfunn. Kommersielle selskap har òg makt. Denne økonomiske makta er det òg ein del av samfunnsoppdraget til pressa å undersøkje. Det kan vere vanskeleg, for mens offentleglova gir pressa rett til innsyn i kva styresmaktene bestemmer, kan private selskap hindre innsyn og verne seg mot kritikk. Selskap kan til dømes seie at dei ikkje vil avsløre forretningsløyndommar, eller at det dei gjer, ikkje er noko som gjeld offentlegheita.

Religiøse forsamlingar kan òg ønskje å skjule det dei held på med, det same gjeld politiske og ideologiske organisasjonar. Dette er grupperingar i samfunnet som har kulturell eller ideologisk makt.

Eit døme på kritisk journalistikk av praksisen i religiøse forsamlingar er Fædrelandsvennens artikkelserie om trussamfunnet Jehovas vitne. Her avslører gravejournalistar at trussamfunnet sviktar overgrepsutsette barn og offer for seksuelle overgrep, sidan Jehovas vitne praktiserer ein regel om at det alltid må vere to vitne som stadfestar framstillinga til offeret.

Tenkjepause

Når du er journalist, kven jobbar du for – redaktøren din, deg sjølv eller samfunnet?

Kjelder

Innst. S. nr. 252 (2004–2005). Medier, makt og demokrati. I Innstilling fra Den særskilte komité nedsatt av Stortinget 18. mars 2005 for behandling av St.meld. nr. 17 (2004–2005) Makt og demokrati. Den særskilte komité for behandling av St.meld. nr. 17 (2004–2005) Makt og demokrati. https://www.stortinget.no/no/saker-og-publikasjoner/publikasjoner/innstillinger/stortinget/2004-2005/inns-200405-252/7/

Leer-Salvesen, T. (2021, 4. september). Britisk granskingskommisjon: Trossamfunnene svikter overgrepsutsatte barn. Fædrelandsvennen. https://www.fvn.no/norgeogverden/i/qwjx9m/britisk-granskingskommisjon-trossamfunnene-svikter-overgrepsutsatte-barn

Torset, N.S. (2021, 4. april). Fem år siden Panama Papers: Norske myndigheter har "hentet hjem" nær 300 millioner kroner. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/i/lnkjkj/fem-aar-siden-panama-papers-norske-myndigheter-har-hentet-hjem-naer-3

Jordheim, H.M., Lom, J.A.G., Neegaard, D.P., Strand, R.H., Solheimsnes, P.A., Strøm, T.J., Strømdahl, M., Thoresen, F.H., Torset, N.S. & Valderhaug, R. (2021, 3. oktober). Dette er Pandora Papers. E24.no. https://e24.no/internasjonal-oekonomi/i/0gozx2/dette-er-dokumentlekkasjen-pandora-papers?referer=https%3A%2F%2Fwww.aftenposten.no

CC BY-SASkrive av Grethe Melby, Joachim Laberg og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2021

Læringsressursar

Offentlegheit og media si makt