Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eksamensførebuing: Drøft mediepolitikk, nyheiter og offentlegheit

Drøft påstanden: Dagens mediepolitikk kan endrast fordi sosiale medium dekkjer offentlegheita sitt behov for nyheiter og debatt. Førebu eit manus og lag ein podkast.
Menn snakkar under ein globus. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formålet med denne oppgåva er å setje ulike delar av mediefaget i samanheng. Arbeidet med oppgåva kan også sjåast som ei førebuing til nasjonal skriftleg slutteksamen i Mediesamfunnet Vg3.

Drøft påstanden

Dagens mediepolitikk kan endrast fordi sosiale medium dekkjer offentlegheita sitt behov for nyheiter og debatt.

1 Førebuing til drøftinga

Studer påstanden nøye og plukk ut sentrale delar av påstanden.

For eksempel:
  • dagens mediepolitikk
  • offentlegheita
  • nyheiter og debatt
  • sosiale medium

Skaff oversikt

Få oversikt og brett ut fagkartet. Du kan lage tankekart, bruke læringsressursar og passe på å ha klart for deg definisjonar og faktakunnskapar frå sentrale kjelder. Skaff deg også ei oversikt over samanhengar mellom ulike delar i påstanden. Det gjer du gjennom å formulere ei rekkje spørsmål.

Bruk tankekart (-verktøy) eller skjematiske oversikter.

For eksempel:

For kvar underdel av påstanden, få oversikt over fagkunnskapar.

Kva er dagens mediepoltikk? Kva er offentlegheita? Kva er nyheiter og debatt? Kva er sosiale medium?

Finn døme som illustrerer fagkunnskapen og forbindelsar mellom dei ulike delane.

Kva er nyheiter og debatt i sosiale medium? Kva konsekvens har norsk mediepolitikk for sosiale medium – for nyheiter i sosiale medium osv.? Her går det an å stille mange ulike spørsmål.

Vel ei avgrensing

Vel deg nokre av spørsmålsstillingane du har formulert, set dei i samanheng med døme og pass på at du heile tida har den opphavelege påstanden i fokus, slik at du ikkje sporar av.

For eksempel:
  • Kva er den mediepolitiske situasjonen i dag?
  • Kva er, etter ditt syn, god mediepolitikk? Kvifor?
  • Kvifor er nyheiter og debatt viktig for eit demokratisk samfunn?
  • Kva for konkrete politiske tiltak er gjorde og kan gjerast for å sikre at befolkninga har tilgang på nyheiter og debatt?
  • ta notat
  • samarbeid med andre
  • finn kjelder, sitat, formuler argument
  • organiser materialet

2 Køyr drøftinga – lag ein podkast

  • Arbeid i grupper på tre. Bli einige om korleis de fordeler formidling av ståstader og ekspertise dykk i mellom.
  • Førebu eit manus. Test det ut og juster i fleire omgangar før de gjer eit endeleg opptak. 5–10 minutt skulle halde.
  • Problemstillingar som blir drøfta, må komme tydeleg fram for lyttaren.
  • Hugs å bruke kunnskapen din og argumenta dine!
  • Oppgi og vis til sentrale kjelder du byggjer argumentasjonen på, sjølv om de samtalar munnleg.

Taletips til oppfølging og oppklaring

Du kan vise at du har høyrt og forstått det motparten har sagt ved å gi att eller oppsummere hovudpoenget deira før du kjem med utspelet ditt – og ved å stille oppfølgingsspørsmål får vi ofte ein meir nyansert diskusjon. Viss du ber samtalepartnaren din forklare eller utdjupe det som blei sagt, unngår de kranglar på grunn av misforståingar.

Hjelpesetningar de kan bruke i manus

Så det du seier er at... (gi att poeng)

Det du meiner er altså at… (gi att poeng)

Eg forstår det slik at du seier at.... (gi att poeng)

Har eg tolka det rett at du meiner...(avklaring)

Kan du forklare kva du legg i ordet...? (avklaring)

Kan du fortelje meir om...? (utdjuping)

Kva slags kunnskap eller kjelder byggjer du denne påstanden på? (utdjuping)

Eg vil leggje til det du seier at… (byggje vidare på)

Kva om det du seier er… (byggje vidare på)

Eg høyrer kva du seier, og eg trur at dette kan bety at… (byggje vidare på)

Eg er ueinig med deg i dette, fordi eg meiner at... (ueinigheit)

Det er viktig at du kjem med di meining, fordi det gjer at eg ser... (ueinigheit)

Finn og bruk ein podkast som modelltekst

Podkastkanalen Ekko på NRK

Podkastkanalen Kurer på NRK

3 Reflekter

  • Kva for delar av mediefaget har de sett i samanheng i arbeidet? Og korleis gjorde de det?
  • Prøv å forklare eitt eller to punkt om kva ny forståing de har fått om samanhengar i mediefaget.
  • Kva har vore enkelt, kva har vore vanskeleg?
  • Kva ville de gjort om att, og kva kjem de til å gjere annleis neste gong?

4 Lever

Lever arbeidet dykkar etter avtale med lærar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2019

Læringsressursar

Offentlegheit og media si makt