Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Etiske problemstillingar i filmen Tusen ganger god natt

I Erik Poppes film Tusen ganger god natt (2013) møter vi krigsfotografen Rebecca på jobb i Afghanistan og Kenya, men også som mor og ektefelle. Filmen reiser ei rekkje etiske problemstillingar.


Sjå filmen Tusen ganger god natt heime eller på skulen.

Filmen viser kor viktig det er at journalistar og fotografar er til stades i konfliktområde for å dokumentere overgrep og krigshandlingar. Men filmen reiser også spørsmål om kva det er som gjer at nokre menneske er villige til å ofre livet sitt på jobb, og korleis dette påverkar familien som ventar heime.

Etiske omgrep

I diskusjonane og samtalane om i denne oppgåva bør de bruke både presseetiske og overordna etiske omgrep. Dei presseetiske prinsippa er nedfelte i .

I faget religion og etikk har du lært om kva etikk er, og lært om ulike etiske modellar. handlar om korleis vi som menneske bør handle, og korleis vi bør leve liva våre.

En beskrivelse av ulike former for normativ etikk.  Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ifølgje finst det nokre reglar for kva som er rett og gale, og vi bør følgje desse uavhengig av kva handlinga får. Plikt er noko andre pålegg oss, eller noko vi sjølve tenker at vi må leve opp til.

I er det resultatet av handlingane som avgjer om handlinga er rett eller galen. Den riktige handlinga er den som gir best konsekvensar for flest mogleg.

Oppgåve 1: Handla Rebecca rett eller gale?

Del klassen inn i grupper på fire elevar. I denne samanhengen kan det vere spennande at gruppene består av elevar med same kjønn.

Éin elev i gruppa har rolla som ordstyrar, og éin er referent.

Gruppene diskuter følgjande problemstillingar:

  • Var det rett av Rebecca å ikkje gripe inn og prøve å stanse den unge sjølvmordsbombaren?

  • Var det rett av Rebecca å forlate dottera då flyktningleiren i Kenya blei angripen?

  • Burde Rebecca ha prioritert behovet til familien i staden for jobben som krigsfotograf?

Pass på at alle kjem til orde og får grunngitt standpunkta sine.

Oppgåve 2: Kvinner og krigsjournalistikk

Referenten i gruppene legg fram det gruppa har kome fram til, for resten av klassen.

Gjennomfør deretter ein strukturert filosofisk samtale (sjå Relatert innhald nedanfor) i klassen om desse spørsmåla:

  • Ifølgje moralpsykologen Carol Gilligan tenkjer gutar og jenter ulikt om moralske spørsmål. Mens gutar har ein tendens til å vektleggje generelle prinsipp og reglar, har jenter ein tendens til å vektleggje omsorg og konkrete sosiale relasjonar. Har Carol Gilligan rett? Har gute- og jentegruppene i klassen vurdert dei etiske aspekta i filmen ulikt?

  • Bør det stillast same etiske krav til mannlege og kvinnelege krigsjournalistar?

  • Er det riktig å setje sitt eige liv i fare for å synleggjere andre sine lidingar i krig?

Relatert innhald

Sterk og kritikarrost film om ein krigsfotograf sin konflikt mellom yrkeskall og familieliv.

Strukturert filosofisk samtale er ein måte å organisere ein samtale på, der elevane i fellesskap reflekterer over eit filosofisk spørsmål.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal, Tina Andersson og Karl Henrik Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2021

Læringsressursar

Krig, menneskerettar og propaganda