Hopp til innhald

Fagstoff

Terrorisme og mediestrategi

Terrorisme kombinerer vald og kommunikasjon. For terroristar er det vel så viktig å skremme og påverke som å påføre skade. Ofte bruker terroristar sosiale medium flittig og har ein bevisst strategi for å tiltrekkje seg merksemda til media.
Jordkloden forma som ei grå bombe med brennande lunte mot ein heilsvart bakgrunn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er terrorisme?

NB! Innhaldet i dette avsnittet er eit omsett utdrag av ein artikkel i Store norske leksikon skriven av professor Nick Sitter ved Handelshøyskolen BI.

Terrorisme er bruk av vald mot sivile for å skape frykt og dermed påverke politikk. Terrorisme er derfor ein politisk strategi som kombinerer vald og kommunikasjon. Å skremme befolkninga og påverke regjeringar er vel så viktig som å påføre skade.

Trass i det store mangfaldet i terrorisme er det tre fellestrekk som går igjen:

  • For det første angrip terroristar staten. Fordi dei fleste grupper vurderer kampen sin som ei form for geriljakrig mot overmakta, må dei finne ein måte å bruke staten sin styrke mot seg sjølv på. I praksis betyr dette å få staten til å slå hardt tilbake og auke konfliktnivået.

  • For det andre angrip terroristar samfunnet. Her er føremålet å polarisere, eller for å bruke Den islamske staten (IS) sitt uttrykk, «å eliminere gråsona». Denne strategien går ut på å dele samfunnet i «oss» og «dei», og dermed gjere demokrati umogleg.

  • For det tredje har angrep betydning for medlemmene og sympatisørane til terroristane. Det å fortelje ei overtydande historie om undertrykking og hemn er derfor ein viktig del av dei fleste angrep, anten det er for å rekruttere mange medlemmer eller oppmode til at andre fører kampen vidare.

Kjelde: Sitter, N. (2021). Terrorisme. I Store norske leksikon. Henta 2. november 2021 frå https://snl.no/terrorisme

Terrorist eller frigjeringshelt?

Terroristar er «illegale stridande». Dei bruker vald utan at dette er definert som legitim (lovleg) vald i samfunnet si teneste. Aksjonane til terroristane rammar ofte tilfeldige samfunnsborgarar, og dei fleste vil derfor sjå på terroristar som kyniske mordarar og kriminelle.

Men kva med dei som kjempar mot ein stat som undertrykkjer og forfølgjer innbyggjarane sine? Er dei terroristar, eller er dei tvert imot frigjeringsheltar? Det kjem heilt an på auget som ser. Dei siste åra har vi sett mange døme på at merkelappen «terrorist» blir brukt av makteliten for å sverte og kneble politiske motstandarar.

Ei avisframside med eit stort bilete av Nelson Mandela er lagd på eit sørafrikansk flagg. Avisa har Mandelas namn, fødsels- og dødsdato som påskrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Terrorgrupper og mediestrategi

Terrorhandlingar får stor merksemd i media fordi desse hendingane oppfyller alle kriteria for nyheitsverdi. Hendingane er sensasjonelle og konfliktladde og appellerer sterkt til kjenslene våre.

For gruppa som står bak terrorhandlinga, er ei massiv mediedekning avgjerande for å lykkast med det dei ønskjer å oppnå. Det kan vere

  • å setje ei spesiell sak på dagsordenen – ei sak som medium og styresmakter elles ikkje ville vore opptekne av

  • å vise at gruppa har makt til å ramme sentrale aktørar og institusjonar i det samfunnet dei angrip, og slik setje press på styresmaktene

  • å skape frykt som destabiliserer samfunnet

  • å rekruttere nye medlemmer som sympatiserer med ideologien til gruppa og blir fascinerte av handlingane deira

Media som scene for den einslege terroristen

Mann med tildekt ansikt og maskingevær. Illustrasjon.

Fleire alvorlege terrorhandlingar har dei seinare åra blitt utførte av "einsame ulvar", enkeltpersonar som opererer åleine eller er del av eit laust samansett nettverk. Eit døme er attentatmannen som brukte ein kapra lastebil til å meie ned og drepe 12 tilfeldige personar på ein julemarknad i Berlin i 2016. Hendinga førte til ein massiv medieomtale verda over. Professor Nick Sitter kallar slike handlingar "væpna propaganda".

Fleire terroristar prøver også å formidle handlingane sine "live" ved hjelp av strøyming i sosiale medium. Dette var mellom anna tilfelle med terroristen som angreip Al-Noor Islamic Centre i Bærum i 2019.

For nokre einslege terroristar er drivkrafta å vise seg fram i sosiale medium som ein modig og fryktlaus "krigar", og få "kred" frå andre som tilhøyrer dei nettverka dei hentar inspirasjon frå.

Skal media la seg bruke?

Den islamske staten (IS) brukte bevisst den massive dekninga i media av terroraksjonar som del av propagandaapparatet sitt. Slik nådde dei ut til eit langt større publikum enn med sine eigne propagandavideoar. Jo meir spektakulære terroraksjonane var, desto meir omfattande blei mediedekninga.

Maskerte, svart- og kvitkledde menn i rekkje poserer med maskingevær i eit ørkenlandskap. I bakgrunnen kan ein sjå ein kvit pickup med eit svart IS-flagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre hevdar at slik medieomtale "smittar" over på andre som kan tenkje seg å utføre liknande aksjonar. Nokre kritikarar har derfor gitt media skulda for at omfanget av terrorhandlingar har auka.

Spørsmålet er om media skal forteie slike hendingar, og unngå å opptre som "PR-agentar" eller "nyttige idiotar" for terroristar. Problemet er at informasjonsbehovet i befolkninga er stort når det skjer dramatiske hendingar. Og media har også eit ansvar for at befolkninga får kunnskap om trugslar retta mot livet og sikkerheita deira.

Sven Egil Omdal har skrive to mediekommentarar for NDLA som tek opp desse problemstillingane. Du kan lese desse under Relatert innhald nedanfor.

Relatert innhald

Gløym Hurtigruta, Bergensbanen, peisbål og salmesong døgnet rundt. Både NRK og TV 2 har funne ut kor mykje meir populært det er å sende terror minutt for minutt.

Et av de største ubehagene ved å være journalist, er vissheten om at så mange drapsmenn vet nøyaktig hvordan vi tenker.

Kjelder

Buset, P. (2017, 10. mars). Strategiske barbarer. Vårt Land. https://www.vl.no/reportasje/2017/03/10/strategiske-barbarer/

Eliassen, H. E. H. (2015, 23. november). Mediene løper ufrivillig IS' ærend. Journalisten. https://journalisten.no/tv-2-paris-is/mediene-loper-ufrivillig-is-aerend/304575

Knudsen, O. M. (2006). En kamp om virkeligheten. Terrorister og frihetskjempere i et mediehistorisk perspektiv [Masteroppgåve]. Universitetet i Oslo. https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/27631/MasterOleMortenKnudsen.pdf

Sitter, N. (2021, 8. juli). Terrorisme. I Store norske leksikon. Henta 2. november 2021 frå https://snl.no/terrorisme

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2021

Læringsressursar

Krig, menneskerettar og propaganda