Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriftleg oppgåve om mediestrategi og propaganda

Her skal du gjere greie for sentrale mediefaglege teoriar. I tillegg skal du drøfte presseetiske problemstillingar knytte til krig, menneskerettar og propaganda.
Ein mann i blå skjorte skriv på eit nettbrett. Utanpå fotografiet svever ulike bokstavar, og i bakgrunnen ser vi eit digitalt verdskart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med denne oppgåva er

  • å forstå korleis produksjon og distribusjon av informasjon kan bli styrt og kontrollert av ulike interesser

  • å reflektere over presseetiske utfordringar i media sin omtale av terrorhandlingar

  • å bruke faglege omgrep og teoriar til å skrive ein fagartikkel

Oppgåve 1

Forklar og gi døme på kvart av desse omgrepa:

  • mediestrategi

  • propaganda

  • cyberkrig

  • terrorisme

Oppgåve 2

Les Sven Egil Omdals mediekommentar Mediestrategi for terrorister.

Skriv eit utkast til eit nytt kapittel i som beskriv korleis journalistar bør omtale terrorhandlingar.

Legg vekt på å formulere punkta i kapittelet ditt i tråd med resten av kapitla i Ver Varsom-plakaten.

Presse.no: Ver Varsam-plakaten.

Oppgåve 3

Skriv ein fagartikkel på inntil 1000 ord om korleis produksjon og distribusjon av informasjon kan bli styrt og kontrollert av nasjonale styresmakter og terrorgrupper som ønskjer å oppnå bestemte militære eller politiske mål.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2021

Læringsressursar

Krig, menneskerettar og propaganda