Hopp til innhald

Fagstoff

Journalistikk og menneskerettar

FNs menneskerettsfråsegn slår fast at alle menneske har nokre grunnleggjande rettar. Medieforteljingar kan bidra til å avdekkje menneskerettsbrot og tvinge verdssamfunnet til å handle.
Ei middelaldrande kvinne med rosa og svart pentøy held fram ein mobiltelefon med eit bilete av to personar på skjermen: ei kvinne med kort mørkt hår og ein mann med gått hår og skjegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 2021 fekk journalistane Maria Ressa og Dmitrij Muratov Nobels fredspris. Ressa jobbar for mediehuset Rappler på Filippinane og Dmitrij Muratov for avisa Novaja Gazeta i Russland. Nobelkomiteen grunngir tildelinga med Ressa og Muratov sin innsats for , sidan ytringsfridom er ein føresetnad for og varig fred.

Samtidig blir det lagt vekt på at dei to journalistane, gjennom sitt journalistiske virke, har avslørt maktmisbruk, valdsbruk, og vilkårleg fridomskrenking i heimlanda sine.

FNs fråsegn om menneskerettar

Den internasjonale fråsegna om menneskerettane (fn.no) er grunndokumentet i det internasjonale arbeidet for menneskerettar. Fråsegna består av i alt 30 artiklar og gjeld for alle medlemslanda i FN.

Utgangspunktet er at alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar. Journalistikken har ei moralsk plikt til å avdekkje brot på alle grunnleggjande menneskerettar, som retten til liv, fridom og personleg sikkerheit. Ved å rette kritisk søkjelys mot styresmakter og andre i maktposisjonar bidreg journalistikken til å forhindre maktmisbruk og overgrep.

FNs menneskerettsfråsegn i stikkordsform

Artikkel 1 Menneskeverd
Artikkel 2 Rettar for alle
Artikkel 3 Rett til liv, fridom og sikkerheit
Artikkel 4 Forbod mot slaveri
Artikkel 5 Forbod mot tortur
Artikkel 6 Rettstryggleik
Artikkel 7 Likskap for lova
Artikkel 8 Rettshjelp
Artikkel 9 Forbod mot vilkårleg fengsling
Artikkel 10 Uavhengig domstol
Artikkel 11 Uskuldig til det motsette er bevist
Artikkel 12 Rett til privatliv
Artikkel 13 Rett til å bevege seg fritt
Artikkel 14 Rett til å søkje asyl
Artikkel 15 Rett til statsborgarskap
Artikkel 16 Rett til å inngå ekteskap og stifte familie
Artikkel 17 Eigedomsrett
Artikkel 18 Religionsfridom
Artikkel 19 Ytringsfridom
Artikkel 20 Rett til å organisere seg
Artikkel 21 Rett til politisk deltaking
Artikkel 22 Sosial og økonomisk sikkerheit
Artikkel 23 Rett til arbeid
Artikkel 24 Rett til ferie og fritid
Artikkel 25 Rett til ein akseptabel levestandard
Artikkel 26 Rett til utdanning
Artikkel 27 Kultur og opphavsrett
Artikkel 28 Sosial og internasjonal orden
Artikkel 29 Plikter
Artikkel 30 Ingen kan ta frå nokon rettane deira

Stikkorda i lista er språkleg omarbeidde av NDLA. Kjelde: FNs verdenserklæring om menneskerettigheter (fn.no)


Ansvar for å setje klima og fattigdom på dagsordenen

Menneskerettar blir også truga av forhold utanfor styresmaktene sin kontroll, som klimaendringar og naturkatastrofar. Ein annan viktig trugsel mot grunnleggjande menneskerettar er fattigdom.

Ei gate der det meste av bygningar og infrastruktur har rasa saman. Eit bilvrak ligg med hjula i veret i framgrunnen,  og ein mann beveger seg gjennom ruinane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når media set søkjelyset på menneskelege lidingar, blir verdssamfunnet tvinga til å handle. Derfor er det viktig at både journalistar og andre medieforteljarar synleggjer at mange menneske i verda manglar grunnleggjande menneskerettar.

Medieforteljingar om menneske på flukt

Menneske som blir offer for krig og konfliktar, opplever ofte å miste alt. Menneskerettsfråsegna gir alle rett til å søkje asyl i eit anna land dersom livet og helsa deira er truga. I vår tid har store flyktningstraumar, mellom anna frå borgarkrigar i Syria og Afghanistan, skapt uro i mange europeiske land. Politikarar opplever at prinsippet om rett til asyl er under press.

I ein slik situasjon er det viktig at media er tett på det som skjer, og bidreg til å skape ei forståing av kva situasjon menneske på flukt lever i.

Eit døme på slik journalistikk er Leo Ajkic sitt møte med den syriske firebarnsfamilien Asaad i Libanon, der det bur over éin million syriske flyktningar.

Kjelder

Eide, E. (2021, 13. oktober). Journalistikk, krig og fred. NUPI. https://www.nupi.no/Publikasjoner/Innsikt-og-kommentar/Hvor-hender-det/HHD-2021/Journalistikk-krig-og-fred

FN-sambandet (2020, 21. desmber): FNs verdenserklæring om menneskerettigheter. Henta 29. oktober 2021 frå https://www.fn.no/om-fn/avtaler/menneskerettigheter/fns-verdenserklaering-om-menneskerettigheter

Nobelinstituttet (2021, 8. oktober). Nobels fredspris 2021. https://www.nobelpeaceprize.org/artikler-1/nobels-fredspris-2021

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2021

Læringsressursar

Krig, menneskerettar og propaganda