Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er menneskerettar?

Menneskerettar kan kort forklarast som den grunnleggjande retten vi treng for å leve i verdigheit som menneske. Dei er grunnlaget for fridom, rettferd og fred, og regulerer tilhøvet mellom staten og individet.
Utsnitt av FNs menneskerettighetserklæring av 1948
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ideen om universelle og ukrenkjelege rettar fekk gjennombrottet sitt med den amerikanske sjølvstendeerklæringa av 1776 og den franske revolusjonserklæringa av 1789, i tillegg til forfatningar i fleire andre land. Det gjeld mellom anna Noregs Grunnlov av 1814.

Sjølv om menneskerettane i første rekkje voks fram innanfor vestleg tenking og lovgiving, finn ein element av liknande tenking i mange religionar og kulturar, både når det gjeld menneskeverd og måtar å løyse konfliktar på. Da FN blei oppretta i 1945, fekk arbeidet for menneskerettane eit internasjonalt gjennombrott. FN-pakta slår fast at kampen for menneskerettane skal vere ein av hovudutfordringane til organisasjonen.

Menneskerettar for alle?

Menneskerettane gjeld alle menneske; ein kan seie dei er universelle. Dette vil ikkje seie at alle lever under menneskeverdige tilhøve. Vi treng berre sjå på grupper i vårt eige land for å stadfeste at dette ikkje er tilfelle. I andre land er det enda meir synleg. I nokre fall er det naturkreftene som er årsak til dette, i andre er det menneske og menneskeskapte ordningar som hindrar menneske i å få realisert dei grunnleggjande rettane sine.

Folkeforbundet

Når vi snakkar om menneskerettane, så tenkjer vi på dei 30 artiklane i den menneskerettserklæringa som FN slutta opp om 10. desember 1948, like etter den andre verdskrigen. Ei erklæring om grunnleggjande menneskerettar er ikkje juridisk bindande for dei statane som skriv under på henne. Menneskerettserklæringa er meir som ei målsetting og ei rettesnor for kva som bør vere minstekrav for eit godt liv for eit menneske.

Etter andre verdskrigen var det semje om å gjere noko for å unngå meir av dei lidingane som krigar førte med seg. Dette hadde ein også forsøkt etter første verdskrigen, da ein oppretta Folkeforbundet, men dette slo feil.

Traktatar og konvensjonar

I kjølvatnet av menneskerettserklæringa har det etter 1948 blitt framsett ymse traktatar eller konvensjonar som tek for seg ulike artiklar i erklæringa og gjer dei bindande for dei statane som sluttar seg til konvensjonane/traktatane.

Det er berre statar som er bundne av internasjonale menneskerettskonvensjonar. Ikkje-statlege aktørar (som til dømes private selskap) må regulerast på andre måtar, til dømes gjennom lovgiving og rettsforfølging. Det er staten som er ansvarleg for at eigne borgarar og organ respekterer dei konvensjonane staten har bunde seg til å følgje. Dette gjeld også i område utanfor eigen stat dersom staten har jurisdiksjon for området.

Nærmare om innhaldet i menneskerettane

Dei ulike menneskerettane er innbyrdes likeverdige og utgjer ein udeleleg heilskap. Det er likevel vanleg å skilje mellom såkalla sivile og politiske rettar og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar.

Dei sivile og politiske rettane omfattar retten til liv og fysisk integritet, retten til ikkje å bli torturert, retten til ikkje å bli fengsla utan etter lov og dom, retten til ein rettferdig og offentleg rettargang, andre rettstryggleiksgarantiar, retten til privatliv, retten til ytrings- og trusfridom, i tillegg til politiske rettar som organisasjonsfridom og røysterett. Desse rettane går mellom anna fram av Den europeiske menneskerettskonvensjonen og av FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar.

Dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane omfattar først og fremst retten til arbeid, retten til rimelege arbeidsvilkår, retten til å danne fagforeiningar, retten til ein tilfredsstillande levestandard, retten til sosial tryggleik, rett til utdanning og helse, i tillegg til retten til kulturliv. Desse rettane går mellom anna fram av FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar.

Gjennomføringsplikta for dei to kategoriane rettar er ulikt formulert i konvensjonane. Dei sivile og politiske rettane skal gjennomførast straks. Plikta til å gjennomføre dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane er formulerte slik at statane skal innfri konvensjonsrettane gradvis ut ifrå dei individuelle økonomiske føresetnadene til statane.

Når gjeld menneskerettane?

Menneskerettane gjeld i utgangspunktet alltid. I dei fleste konvensjonane er det like fullt gitt høve til å gå frå visse menneskerettar i naudstilfelle, til dømes når det er erklært unntakstilstand ved naturkatastrofar. Dei viktigaste integritetsrettane, som retten til liv, restriksjonane på dødsstraff, forbodet mot tortur, forbodet mot slaveri, forbodet mot diskriminering på grunn av kjønn, rase, religion eller språk, kan ein likevel aldri gå utanom. Desse rettane er absolutte og blir gjerne kalla ufråvikelege menneskerettar.

Viss ein stat fattar avgjerd om å gjere unntak frå somme eller fleire av dei fråvikelege konvensjonsrettane, skal dei andre statspartane få informasjon om kva fråsegner ein vil vike av frå, og grunngivinga for dette.

CC BY-NC-SASkrive av Hans Nissen.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2017

Læringsressursar

Krig, menneskerettar og propaganda