Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Studer pressefoto frå krig og kriser

Gjer deg kjend med sentrale nyheitsbilete, vel eitt bilete du utforskar nærmare og reflekter over pressefotografen si rolle i nyheitsdekninga av krig og kriser.

1. Studer bileta

  • Studer bileta og tekstane i biletserien.
  • Diskuter med andre kva generell betydning nyheitsbilete har og kvifor. Bruk biletdøme både frå biletserien og frå andre nyheiter som argument i diskusjonen. Ta notat frå diskusjonen.

2. Finn ut meir

  • Kva for bilete får du lyst til å vite meir om? Kva ønskjer du å vite?
  • Skriv ned spørsmåla.
  • Samanlikn spørsmåla med andre.

3. Vel eit bilete

Plukk ut eitt av bileta i biletserien – eller eit anna nyheitsbilete som har gjort inntrykk på deg.

  1. Beskriv biletet og forklar kvifor det gjer inntrykk på deg.
  2. Finn ut så mykje informasjon som mogleg om biletet. Bruk gjerne spørsmåla og notata frå oppgave 2 som utgangspunkt. Her er andre spørsmål du kan finne ut av:

    • Kven er fotograf? Kva for val har fotografen teke?
    • Kvar blei biletet opphaveleg publisert?
    • Kva for krig eller krise dekkjer det?
    • Kva kjenneteiknar denne krigen eller krisa?
    • Kva for betydning har biletet for hendinga det rapporterer om?
    • I kva for samanhengar blir det brukt i dag?
  3. Førebu ein samtale om to bilete med ein medelev under tittelen: Kva for rolle har pressefotografen i nyheitsdekning av krig og kriser?
    • Skriv manus
    • Øv
    • Kutt ned samtalen til 3–5 minutt
    • Skriv om manus mens de øver
  4. Framfør samtalen for klassen eller gjer eit lydopptak av han.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2019

Læringsressursar

Krig, menneskerettar og propaganda