Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fiendebilete i filmar og tv-seriar

På kva måte er underhaldningsmedia med på å skape og halde ved lag fiendebilete? Er filmhistorier om "gode" og "vonde" nasjonar fordekt propaganda? Jobb gjerne saman to og to om å løyse desse oppgåvene.
Ein stilig mann i svart dress peiker ein pistol med lyddempar mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Filmen No time to die (2021) er den siste i rekkja av i alt 27 filmar om den britiske 007-agenten James Bond. Den første James Bond-filmen blei vist på kino i 1962.

  1. Atle Johnsen skreiv i 2002 ei hovudfagsoppgåve (masteroppgåve) i idéhistorie ved Universitetet i Oslo om fiendebilete i James Bond-filmane: Film og fiendebilder – Bond-skurkenes historie (uio.no). Studer denne oppgåva og lag ei oversikt over kven som blei framstilte som fiendar i James Bond-filmane i perioden 1962–2002, og kva eigenskapar desse personane blei gitt.

  2. På kva måte avspeglar fiendebileta den storpolitiske situasjonen i dette tidsrommet?

  3. Prøv å finne ut kven som er framstilte som fiendar i dei Bond-filmane som er laga etter at Johnsen skreiv hovudfagsoppgåva si, altså frå 2002 og til i dag.

    Du finn ei oversikt over alle filmane her: Slik ser du James Bond-filmene i riktig rekkefølge (techradar.com)

Oppgåve 2

Vel éin eller fleire spelefilmar eller tv-seriar frå vår tid som handlar om kampen mellom "gode" og "vonde" nasjonar.

  • Kven er "dei gode" i desse filmane, og kva eigenskapar blir dei gitt i filmane?

  • Kven er "dei vonde", og kva eigenskapar blir dei gitt?

Presenter det de har kome fram til, for klassen, gjerne med visuelle døme.

Oppgåve 3

Diskuterer i klassen:

  • Kva kjenneteiknar fiendebileta i underhaldningsmedia i dag?

  • I kva grad blir røyndomsoppfatninga vår påverka av fiendebileta i underhaldningsmedia?

  • Er fiendebileta i underhaldningsmedia fordekt ?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2021

Læringsressursar

Krig, menneskerettar og propaganda