Vi gjer merksam på at videoen nedanfor inneheld sterke bilete av lidingar under krig.
Oppdrag
Utgangspunktet for oppgåva er fire sterke historier fortalde av menneske som har opplevd krig.
Oppgåva er å fortelje att éi eller fleire av desse historiene på ein ny og innovativ måte. Du skal bruke dramaturgi og verkemiddel tilpassa det medieformatet og den sjangeren du vel.
Du kan velje å lage
ein fotomontasje med samspel mellom stillbilete og lyd (t.d. monolog, reallyd, effektlyd og musikk)
ein videoappell som kan publiserast i sosiale medium
ei digital "skrollhistorie"
Samarbeid gjerne i små grupper. Du kan også løyse oppgåva åleine.
Støtteressursar med tips til format, sjanger og produksjon:
Tekstar om krig
Det finst mange sterke skildringar av krig. Her er fire av dei:
Tekst 1 (lyrikk): "Det er ingen hverdag mer" (fagbokforlaget.no)
I dette diktet skildrar lyrikaren Gunvor Hofmo (1921–1995) den store tomheita og det kraftige skriket som fylte menneska etter andre verdskrigen (1939–1945).
Tekst 2 (novelle): "Blodspor"
Relatert innhald
Bakir Ahmethodzic var 12 år då han i 1993 kom til Noreg som bosnisk flyktning frå borgarkrigen i tidlegare Jugoslavia (1991–1999). Granatregnet som blir skildra i novella, var eit av dei første bombeangrepa han opplevde under krigen. Då var han elleve år gammal og var ute og leika med venene sine frå nabolaget. Novella blei gitt ut i 1999.
Tekst 3 (stillbilete): @gabrielchaim på Instagram
Den brasilianske krigsfotografen Gabriel Chaim deler pressefotografi frå borgarkrigen i Syria (2011–) under profilen @gabrielchaim på Instagram.
Tekst 4 (podkast): "Etiske dilemma: Med livet i hendene"
I podkasten nedanfor møter du ein tidlegare norsk soldat, som tenestegjorde i krigen i Afghanistan (2001–2021).