Hopp til innhald

Kortfilm

The Only Story

Filmen The Only Story er ein sjølvbiografisk film om det å ikkje vite kven ein er, og om haldningar til adopterte med ikkje-nordisk etnisitet i Noreg.
Utsnitt av ein filmplakat. Eit bilete viser ei kvinne som ber eit koreansk flagg og rosa ballong i ei mørk bygate. Overskrifta på plakaten er The Only Story. Dette er også skrive på koreansk øvst. Foto.

Om filmen

Uma er adoptert, og så lenge ho kan hugse, har ho stilt spørsmål om sin eigen adopsjon. Denne filmen er den personlege historia hennar der ho tek eit oppgjer med den typisk norske tankegangen rundt adopsjon. Den godtekne, "stovereine", lykkelege adopsjonshistoria står for fall.

I filmen får vi eit innblikk i den identitetskrisa som oppstår når ingen kan gi svar på dei mest eksistensielle spørsmåla i livet til eit barn.

Filmdetaljar
  • År: 2019

  • Varigheit: 14 minutt

  • Regi: Uma Feed

  • Medverkande: Uma Feed

  • Format: dokumentarfilm (kortdokumentar)

  • Land: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen The Only Story på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

Vurder i kva grad kortfilmen The Only Story kan kallast eit videoessay, og lag ei idéskisse til eit videoessay om identitet.

CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: NFI
Sist fagleg oppdatert 19.10.2023

Læringsressursar

Mediepåverknad