Hopp til innhald

Fagstoff

Mediepanikkar kjem og går

Mediepanikkar kan blusse opp med ramaskrik når nye medium blir utbreidde. Spesielt kan det bli uro for at barn og unge skal bli påverka av mediebruken sin. Storsamfunnet får så krav om at noko må gjerast, men seinare døyr mediepanikken ut.

Mediepanikk blir definert som ei uro og bekymring for kva risiko nye medium og ny medieteknologi fører til, spesielt for sårbare grupper som barn og unge.

Nerd som speler på mobilen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennom historia har mediepanikkar ofte starta med utgangspunkt i skulen, spesielt blant lærarar, helsesøstrer og rektorar. Skulen skal jo ha fokus på læring, mens mediebruk ofte dreier seg om underhaldning og fritidsaktivitetar.

Kvart nytt medium og kvar ny medieteknologi har hatt sin mediepanikk. Folk har møtt ny mediebruk med skepsis, og kvar generasjon har hatt sitt eige nye medium å uroe seg over.

Frå risiko til handtert risiko

Ofte blussar mediepanikkar opp som offentlege ramaskrik. Det kjem krav om at noko må gjerast for å beskytte folk mot antekne skadar. Mediepanikkar har likevel ein tendens til å brenne fort ut.

Prosessen – frå frykt og kjensla av risiko, via utforsking og mestring, til noko som blir opplevd som kjent og handterbart – kan sjåast på som ein kva som helst prosess der vi handterer risiko.

Mediepanikk og moralsk panikk

Mediepanikk blei først kjend som moralsk panikk. Dette uttrykket vart brukt av Marshall McLuhan, ein kjend medieteoretikar frå 1900-talet. Han observerte at folk med høg utdanning oppfatta nye medium – på den tida fjernsyn og radio – som ein direkte trussel mot det skrivne ord.

Moralske panikkar engasjerer ofte eliten i eit samfunn, og dei krev at «noko må gjerast» frå styremaktene si side for å fikse problemet. Problemet inneber som regel ein trussel om eit moralsk forfall.

Når er det snakk om moralsk panikk?

  • auka bekymring over noko eller nokon og konsekvensar dette kan ha for resten av samfunnet
  • fiendskap overfor gruppa det er snakk om, ei forståing av «oss» versus «dei»
  • brei einigheit i samfunnet eller i delar av samfunnet om at trusselen er reell
  • uforholdsmessig forståing for grad av risiko og trussel
  • kort varigheit – mediepanikken oppstår fort, får stor merksemd, men forsvinn raskt frå dagsordenen

Vil du lese meir?

Teksten over er laga med utgangspunkt i denne kjelda:

Staksrud, E. (2018). Mediepanikk og mediepedagogikk. I V. Frantzen & D. Schofield (Red.), Mediepedagogikk og mediekompetanse. Danning og læring i en ny mediekultur (s. 269-282). Trondheim: Fagbokforlaget.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Staksrud.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Mediepåverknad