Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mediepanikk for skjermbruk

Er det grunn til å bekymre seg for skjermbruken vår? Bruk fagomgrepet mediepanikk når du drøftar problemstillinga.

1 Sjå filmen og ta notat

  • Kva er mediepanikk?
  • Kva fortel filmen om mediepanikk i dag?
  • Kva fortel filmen oss om mediepanikk før i tida?
  • Forskaren Faltin Karlsen forklarer kva mediepanikk er, på ein fagleg og presis måte. Sjå gjennom kva han seier, ein gong til, og formuler skriftleg det han seier.
  • Kva ulemper og gode fortel dei unge og dei eldre i filmen om når dei snakkar om skjermbruk?
  • Kva meiner du om din eigen og om andre sin skjermbruk?

2 Førebu debatt

  • Set dykk i grupper på to–tre stykke.
  • Les den vedlagde artikkelen Mediepanikkar kjem og går, og diskuter innhaldet. Har de forstått mediepanikk riktig? Korleis kan de bruke omgrepet og betydninga omgrepet rommar, i ein debatt om skjermbruk? Formuler nokre spørsmål der de bruker omgrepet mediepanikk.
  • Fyll ut og juster notata de skreiv då de jobba med filmen, og få med referansar til fagartikkelen.
  • Søk på nettet, og leit etter artiklar og argument for og mot skjermbruk til ulike formål.
  • Skriv òg ned eigne meiningar: Er det grunn til å ha mediepanikk for skjermbruk i samfunnet vårt?
  • Formuler og organiser argumenta i to lister:

Det er grunn til bekymring, fordi

Det er ikkje grunn til bekymring, fordi

...

...

3 Køyr debatt i klassen

Teikningane viser handteikna som kan brukast i diskusjonar. Illustrasjon.

Éi gruppe får ansvar for å leie debatten. Her høyrer det med ein introduksjon om kva mediepanikk er, og ein presentasjon av kva debatten skal handle om (er det grunn til å bekymre seg for skjermbruk?).

Del gruppene i klassen i to: Den eine halvparten av klassen skal fremje at det er grunn til bekymring, og den andre halvparten at det ikkje er det.

Bruk listene med argument til hjelp.

Gruppa som leiar debatten, sørgjer for at ulike argument kjem fram, og at debattreglane blir følgde.

4 Reflekter

Set dykk i gruppene igjen, og reflekter over punkta under:

  • Kva veit de no om mediepanikk?
  • Kom det fram nokon argument de ikkje hadde tenkt på?
  • Lag ei oppsummering (i form av punkt eller løpande tekst) for og mot at vi skal vere bekymra over skjermbruk i samfunnet vårt. Tenk gjerne på både individnivå og samfunnsnivå.

Relatert innhald

Mediepanikk og moralsk panikk er fagtermer i mediefaget. Desse termane har beskrive frykt for nye medium og ny mediebruk opp gjennom tidene.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2019

Læringsressursar

Mediepåverknad