Hopp til innhald

Fagstoff

Mediebruk synleggjer og formar identiteten vår

Unge menneske er hyppige brukarar av medium, spesielt sosiale medium. Det vi bruker mykje tid på, er med på å forme oss som menneske. På linje med familie, venner og skule er derfor media ein viktig sosialiseringsfaktor.
Ein mann sit i sofaen med ein fotball og ser fotball på TV. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Identitet og mediebruk

Identiteten vår har noko å seie for kva medium vi bruker. Men vi ser òg at mediebruken kan vere med på å forme identiteten vår.

Er du spesielt interessert i dataspel eller fotball? Då bruker du truleg mykje tid på å spele online saman med vennene dine eller på å sjå fotballkampar på TV og kommentere kampen i kommentarspalter på nettet. Samtidig signaliserer du ein identitet som «gamer» eller «supporter» til andre.

Er du meir oppteken av mote enn det vennene dine er? Har du litt betre stil? Ja, då bruker du kanskje meir tid enn andre på blad, bilete og bloggar som handlar om mote. Blada, bileta og bloggane bidrar til å utvikle og forsterke interessa di for mote, altså identiteten din som moteinteressert. Derfor kan vi seie at media du bruker, er med på forme identiteten din.

Posering i sosiale medium

I ei undersøking om unge jenters bruk av Instagram fann medievitar Ingrid Aarseth Johannessen[1] ut at jentene bruker sosiale medium medvite for å framstille seg sjølve ulikt til ulike målgrupper.

Ho snakka med 15 jenter i 14–15-årsalderen og oppdaga at mange hadde to Instagram-kontoar: éin open og éin privat. På den opne kontoen var jentene opptekne av å formidle eit bilete av seg sjølve som «pene», altså i tråd med skjønnheitsidealet i samfunnet. På den private kontoen publiserte dei derimot «morosame og […] ‘stygge’ bilete og brydde seg lite om sminke og skjønnheit». På den private kontoen leikar jentene i større grad med det tradisjonelle kvinnebiletet.

– Eg er ikkje dum, eg berre ser sånn ut

Bloggeren Sophie Elise Isachsen sa dette til nettstaden Klikk.no i 2015. Problemet var at mange oppfatta at identiteten hennar som «babe» og identiteten hennar som samfunnsengasjert person stod i motsetning til kvarandre.

– Jeg er ikke dum, jeg bare ser sånn ut

Bloggaren Sophie Elise poserer framfor ein rosa vegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det blei oppfatta som om Sophie Elise sende tvitydige signal om kven ho er. Men som både ho og Instagram-jentene er eit døme på, er det fullt mogleg for oss menneske å ha ein samansett identitet, med trekk som for andre verkar som motsetningar.

Eit anna døme er Ida Celine Nordhaug frå Skien. Hausten 2020 hadde ho heile 130 000 følgjarar og 8 millionar liker på TikTok på profilen sin @idacmusic. I songen «Kjære lille hater» (2020) tek ho eit oppgjer med mobbing og hatkommentarar i sosiale medium. Ho er òg ein representant for unge jenter som ikkje berre speler på utsjånad, men av og til poserer i rolla som modig, samfunnsmedviten og handlekraftig.

Høyr og sjå Ida Celine framføre songen «Kjære lille hater» i programmet God morgen Norge på TV 2 (hopp gjerne over reklameinnslaga i starten).

Det meste er ikkje medviten identitetsformidling

Vi må hugse at veldig mykje av mediebruken vår ikkje kjem av ei konkret interesse eller ein hobby. Og at alt vi deler om oss sjølve i sosiale medium, ikkje alltid er eit forsøk på å kommunisere noko bestemt om oss sjølv.

Det er jo ikkje berre «nyheitsjunkiar» som ser på nyheiter, berre «hardcore gamerar» som speler dataspel, «film geeks» som ser på film og så vidare. Veldig mange av bileta, lenkjene og fråsegnene vi etterlèt oss i sosiale medium, handlar om innfall der og då, og ikkje om gjennomtenkt identitetsformilding. Men ser vi på det vi postar, samla sett, vil det truleg kunne seie noko om kven vi er som person.

Gode råd frå ein medievitar

Medievitar Ingrid Aarseth Johannessen gir fem råd til unge i Adresseavisa[2] i 2017:

  1. Ikkje følg personar på Instagram som gir deg ei dårleg kjensle.
  2. Ikkje bruk tid på sosiale medium som gjer deg trist og nedtrykt. Ikkje sjekk sosiale medium rett før du legg deg.
  3. Følg personar som får deg til å føle deg bra, og som viser ei meir ekte og uredigert side av seg sjølv.
  4. Snakk med andre om kva opplevingar dei har med sosiale medium.
  5. Gjer kontoen din lukka og ha færre følgjarar – då har du meir kontroll.
CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 10.07.2017

Læringsressursar

Mediepåverknad