Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med filmen The Only Story

Vurder i kva grad kortfilmen The Only Story kan kallast eit videoessay, og lag ei idéskisse til eit videoessay om identitet.
Utsnitt av filmplakat. Biletet viser ei kvinne som ber eit koreansk flagg og rosa ballong i ei mørk bygate. Overskrifta er The Only Story. Filmplakat.

Før du ser filmen

  1. Snakk med ein medelev. Reflekter saman om kvifor det er viktig å vite kven ein er.

  2. Kva er identitet? Byt på å forklare desse omgrepa for kvarandre før de snur korta.

Sjå filmen

Sjå kortfilmen The Only Story på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Er The Only Story eit videoessay?

Jobb vidare saman to og to.

  1. Kva er ein sjanger?

  2. Forklar kva som kjenneteiknar sjangeren videoessay.

  3. Finn døme i filmen som taler for at The Only Story kan kallast eit videoessay.

Lag ei idéskisse til eit videoessay

Jobb saman om å lage ei idéskisse til eit videoessay om identitet. Bruk gjerne det digitale idémyldringsskjemaet de finn i oppgåva "Idéutvikling for videoessay".

Relatert innhald

Filmen The Only Story er ein sjølvbiografisk film om det å ikkje vite kven ein er, og om haldningar til adopterte med ikkje-nordisk etnisitet i Noreg.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2023

Læringsressursar

Mediepåverknad